
Bibliotek
Biblioteket i Sauda har omfattande opningstider og tilbod til publikum, mellomanna Meråpent bibliotek, studierom og møterom.
Sauda har eit kompakt sentrum, her er Folkets Hus med kulturskule, eit rikt kulturprogram og mykje meir, kino (opnar vinteren 2024), bibliotek og idrettshall med utandørs svømmebasseng.
Dei som trives med ein aktiv kvardag kan gleda seg over ein stadion med heilårs kunstgressbane og springebane.
For familiar er der ein moderne lekeplass bak rådhuset og park- og grøntområdet Andedammen familiepark. I Andedammen er der minigolf og bocciabane, utstyr kan leigas i kiosken ved minigolfbanen. Mellom Andedammen og Sauda sentrum ligg og ein splitter ny pumptrackbane.
Mayuc Kayak har kajakkutleige, kurs og guida kajakkturar for dei som vil oppleva Sauda frå elva eller sjøen.
I Åbøbyen er der ei historisk vandrerute og i sommarsesongen er industriarbeidarmuseet i denne bydelen ope. Her kan ein utforska korleis industriarbeidarfamiliane levde på 1920- og 1960-talet. Velj mellom mangfaldige vandringar frå varden i Sauda sentrum eller gå på guida tur i ei nedlagt sinkgruve i Allmannajuvet.
I Saudasjøen ligg naturskjønne Sauda Golfbane, ein 9-hols skogsbane med driving range ut i Rødstjødna. I dette idylliske området ligg og Anna’s Kafe på Tinghaug, ein kafe som drives på dugnad i sommarsesongen.
I Nordstøldalen kan ein besøka Eventyrskogen og Trollplassen, her er det treskulpturar av vesen ifrå norske folkeeventyr før ein tar sherpatrappene heilt opp til Hovlandsnuten, 931 m.o.h. med panoramautsikt utover Saudafjorden.
I skisesongen kan ein boltra seg ved Sauda skisenter i Svandal og i dei sju dalane med over 100km merka skiløyper.
Når snøen forsvinn i Svandal kan ein spele frisbeegolf eller leige elektrisk mountainbike ved skisenteret.
Biblioteket i Sauda har omfattande opningstider og tilbod til publikum, mellomanna Meråpent bibliotek, studierom og møterom.
Sauda er eit vinterparadis for heile familien – Over 100 km merka og opptråkka skiløyper i åtte fjelldalar og skisenter med fjordutsikt.
Eventyrskogen og Trollplassen er turskattar for barn. Her bur troll og andre spennande skapningar frå eventyrverdenen.
Andedammen er eit flott park- og grøntanlegg rett ved Sauda sentrum og på grensa til Åbøbyen. Familievennleg og kjekt for barn.
Skisenteret ligg kun 8 km frå Sauda sentrum, her får du fjordutsikt frå skibakken.
Saudahallen med innandørs- og utandørsbasseng som er åpne året rundt. Saudahallen er og ein idrettshall.
Sauda golfbane er ein 9-hols golfbane som ligg 3 km frå Sauda sentrum i naturskjønne omgjevnader i Saudasjøen.
Her er alle velkomne!
Diskgolbanen ligg høgt i Svandalen ved Sauda skisenter med fantastiske utsikter utover Saudafjorden.
I Sauda kan ein bada heile året – båe i Saudahallen sitt oppvarma utandørsbasseng og i fjorden for dei som ynskjer det! Om sommaren kan ein velje mellom koselege sandstrender langs fjorden og friske fjellvatn.
Minigolfen ligg rett ved Andedammen i Sauda og er ein kjekk familieaktivitet for folk i alle aldre.
Utforsk Saudas vakre fjell og naturperler på korte turar frå sentrum. Oppdag den majestetiske naturen på enkle stier og nyt den friske lufta.
Bli kjend med Sauda frå vattnet! Det ligg kanoar klar til bruk på Vetrhus og Mayuc Kayak tilbyr kursing, kano, kajakk, paddleboard med meir!
Sommaren 2023 opna ein flott ny tennisbane her i Sauda. Tennisbanen ligg i idylliske Åbøyben og er open for alle.
Vil du ha med deg fiskestanga på tur? Fisking er ein flott måte å kombinera ein fin naturoppleving med hausting av naturen.
Den asfalterte pumptracken i Sauda ligg i tilknytning til idrettsparken, tvers over elva frå Sauda sentrum og Saudahallen.
Sauda har flotte nærområder du kan utforske på enkle og lett tilgjengelige dagsturar. Her finn du turar som passar for alle ferdighetsnivå.