Søk
Aerial photo of Sauda, Norway in autumn.
Foto: John EikCaffery

Nærturar i Sauda & Saudasjøen 🏞️

Nærturar i Sauda

Fløgstadåsen (302 m.o.h.)

Ein kan starte vandringa til Fløgstadåsen frå Sauda sentrum mot nord. Følg vegen til ein kjem til Kleppeker. Her er der merka sti oppover mot Fløgstadåsen. Stien går i vekslande terreng like nord for sentrum og ein ser heile tida fjorden imens ein vandrar i skog og landlege omgjevnader. 

På ruta er det mange stadnam og historier frå gardsdrifta i eldre tider. Det er og ein avstikkar undervegs til Stemmen (høgde) og Rødstjødna.

Lona - idyllisk elvesti

Gå frå Sauda sentrum, i sørleg retning via Tangen og følg grusveg langs Storelva til Andedammen familiepark der det er tilrettelagt med mange dyr og ulike aktivitetar. Følg vidare natursti langs Storelva over Kastfoss og mot Lona. Følg same veg tilbake til Kastfoss, alternativ (ikkje merka) kan ein gå heilt inn til Lona og følgje veg/sykkelsti tilbake til Brekke og Åbøbyen.

NB! Det er dyr på beite nær Lona!

Åbøbyen

Gå i sørleg retning via Tangen mot Andedammen. Ved den første dammen står det informasjon om turen vidare i Åbøbyen. Sauda Sogelag har opparbeida ei historisk skiltløype som skildrar mykje av industrihistoria om Åbøbyen med tekst og bilete. 

Rundehaugen (480 m.o.h.)

Gå i sørleg retning via Tangen og Andedammen familiepark (same som Lona). Før Lillebekk er der ein sykkelveg opp til Brekke og eit kort stykke på veg før ein startar motbakken på traktorveg/sti opp mot Rundehaugen. 

Frå Rundehaugen ser ein det mesta av Sauda. På Rundehaugen er det hytte, benk, bok og kart. Gå same veg tilbake eller følg skogsveg mot Rød tilbake. 

Bunkeren

Gå i sørleg retning frå Varden nedom Tangen og følg veg til høgre over bru til skilt merka Maldal. Deretter går ein langs veg til ein når røyrgata. Stien opp frå buen (røyrgata) er godt merka med gult. Det er nokre svaberg på turen som kan vera glatte på veg ned viss ein går  rundtur. Ved buen kan ein svinge bort til Bunkeren. Følg merka sti litt videre oppover før ein dreier til venstre og ned igjen mot Kjedalsmoen og vegen tilbake til Sauda sentrum. 

Tempreidnuten (730 m.o.h.)

Følg same rute som til Bunkeren og deretter over buen eller sti om ein ikkje likar høgde! Vidare på stølsvegen opp mot Tjelmen og til parkeringsplass. Det er tre ulike ruter opp til varden på Tempreidnuten. Alle tre er godt merka og egna for rundturar. Variert terreng og flott utsikt over Sauda på toppen. 

Nærturar i Saudasjøen

Driving range for the lake.

Eventyrskogen

Same startpunkt som Hovlandsnuten (Risvolll skule i Saudasjøen). Gå forbi Risvolltunet og ta vegen opp mot Fosstveit. Vidare forbi Fosstveitdammen og følg vegen ca 100 m før du tar av til venstre inn på ny opparbeida veg/sti i bratt stigning  mot Eventyrskogen.  Her er det gapahuk, grillplass og ulike treskulpturar samt flott utsikt over Saudafjorden. 

Du kan fortsette vandringa på sti til Brekkestølsbråte og Hovlandsnuten. 

Alternativt kan du starte frå Nordstøldalen (Skeivane) og gå ned til Eventyrskogen.

Les meir om Eventyrskogen her.  

Nordag-anlegget

Bli kjend med den spennande historia om Sauda under andre verdskrig. Den gongen såg bygda annleis ut enn i dag, og i denne løypa kan du følgja dei historiske spora og krigsminna.

Turen startar og sluttar ved Sauda Fjord Hotel og du kan gå mellom skilta, men det er ikkje merka sti mellom dei. 

Rødstjødna

Køyr mot Nordstøldalen  og ta av til parkeringsplassen ved Sauda golfbane. Dette er ein lett tur i landlege omgivnader på god sti. Stien går i lett terreng forbi drivingrangen ved golfbanen og badeplass med gapahuk.

Gangvegen er tilgjengeleg for dei aller fleste, også med barnevogn og lignande. Les om vandringa Rødstjødna rundt på UT.no for inspirasjon.