Søk
People playing minigolf on a summer's day in Sauda, Norway.
Foto: Aasta Eik-Nes

Minigolf & boccia i Sauda ⛳

Sauda minigolf & boccia - kjekt for store og små

Minigolf

Sauda minigolf opna hausten 2022. Sauda minigolf ligg idyllisk til ved Andedammen familiepark , nær Sauda sentrum. Minigolfbanen er ca 2000 m2 og har 18 hol med varierande vanskegrad. 

Boccia

Det er òg to bocciabaner ved Sauda minigolf. Bocciabanene er gratis å bruka for dei som har eigne bocciakuler, for dei uten kuler så kan ein leiga boccia kuler i minigolf kiosken. 

Andedammen familiepark

Andedammen familiepark er eit gratistilbod for rekreasjon og aktivitet, med dyr, fuglar, fisk, bålpanner og gapahuk. 

Minigolfbanen har faste opningstider, men kan òg opnas etter avtale. Det er mogleg å arrangera bursdag eller klassemiljøtiltak hos Sauda minigolf. 

Følg Sauda minigolf på Facebook og instagram for å halde deg oppdatert på opningstider på banen. 

Kjelder: Sauda minigolf, FjordNorway

The minigolf course in Sauda in summer.