Skiturar i Sauda ⛷️

Når dalane våre byrjar å bli kvite i vinterhalvåret då er det tid for det Sauda er mest kjend for: ski! I Sauda kan ein finna oppkøyrde og merka løyper i dei åtta dalførene.

Bruk vintermånadene på å utforske 100 km med merka skiløyper, her finns der noko for alle!

Hald deg oppdatert om skistader, skiløyper og når skiløypene har blitt vedlikehald:

Snøen er for alle ❄️

I Sauda meiner me at snøen er for alle.  I samarbeid med våre dyktige løypekøyrarar er det gjennom fleire år blitt utvikla eit flott løypenett i Sauda.

Med 100 km varierte skiløyper til turar og trening på alle nivå ber me derfor om ein årleg donasjon av kr 500,- per skigåar, eller kr 50,- for ein dagstur og kr 150,- for ei langhelg (eller veke). 

Donasjonen betyr at me kan fortsetta det viktige arbeidet med vedlikehald av skiløypene her i Sauda. 

Ein person hoppe på slalomski

Sauda skisenter

Skisenteret ligg kun 8 km frå Sauda sentrum, her finn ein 5 skitrekk som kan dra snøentusiastar over 5 km opp til fjells, 2 skibånd og automatisert snøanlegg.

Les meir »
Slettedalen med utsikt mot Slettedalsvatnet, dekket av snø.

Slettedalen

Slettedalen ligg ein halvtimes køyretur frå Sauda sentrum, og er ein kjempefin plass for å lera å stå på ski!

Les meir »
Aerial image of Åbødalen valley in winter - the valley is covered in snow, a river snaking through a forested snowdraped landscape.

Åbødalen

Dette er ein variert og attraktiv dal kor ein har moglegheit til å velje ulike traséar undervegs. 

Les meir »
Nordstøldalen - a valley in Sauda in snow on a sunny day.

Nordstøldalen

I Nordstøldalen er dalføret er lunt og skjerma for ver og vind. Nordstøldalen er eit flott utgangspunkt for skiturar.

Les meir »
A snow tracker machine on a mountaintop in Svandalen in snow and blue skies.

Svandalen

Svandalen er eit paradis for snøsport! Det går fleire oppkøyrde løyper i høgfjellsterreng for ski frå Sauda skisenter.

Les meir »
Breiborg mountain area in Sauda in sun and snow.

Breiborg

Dette er eit utprega høgfjellsterreng i flotte omgivelsar kor det blir køyrd opp skiløype frå vinterferien.

Les meir »