Søk

Turar i Sauda

Eit stort nettverk av stiar og vandreruter for heile familien

Sauda er eit paradis for dei som elskar å utforske vakker natur til fots. Med eit stort nettverk av stiar og vandreruter, er Sauda ein stad der ein kan kome tett på den majestetiske naturen og oppleve roen i fjella.

Fjellturar for alle nivå

Uansett om du er ein erfaren fjellvandrar eller ein nybegynnar, har Sauda noko for deg. For dei som er ute etter kortare turar, kan ein ta turen til vakre Hovlandsnuten, som byr på fantastisk panoramautsikt over fjord og fjell. Dette er ein familievennleg stad der du kan nyte piknik og frisk luft.

For dei som søkjer større utfordringar, kan ein bestige mektige Liasetnuten eller utforske spektakulære Austarheims og Herheimsdalen. 

Vinter i Sauda

Om vinteren er det ofte mykje snø i Sauda. Sauda Skisenter tilbyr varierte løyper og fjordutsikt. Og for dei som elskar langrenn, er det milevis med preppa løyper i åtta dalføre.

Varden i Sauda sentrum - turinspirasjon

Midt mellom Folkets Hus og Saudahallen står Varden. 

Her er det skilt med informasjon om sentrumsnære kortare turar i Sauda og Saudasjøen.

Vær oppmerksam på at i vintersårstida er mange av desse fotturane som regel utilgjengelege grunna snødekke. Du kan lese meir om skiturar i Sauda her.

Varden i Sauda sentrum på ein skyfri dag med blå himmel.

Innholdsfortegnelse

Dronebilde av toppen av Ravnafjell, Sauda, med utsikt til Saudafjorden.
Svandal

Svandal har mange flotte turmål. I sommarhalvåret kan du følge merka løyper til Djuvsbotn, Ravnafjell og Hustveitsåta. Om sommaren kan du også spele diskgolf ved Sauda skisenter eller leige elektriske syklar for å utforske Svandal. 

Svandal har flott naturlandskap med to tilrettelagte toppturar, ein til Ravnafjell (983 m.o.h.) og ein til Hustveitsåta (1187 m.o.h.).

Tips: Ravnafjell er òg kjend som Ramnafjell. 

Startpunkt for Ravnafjell er ved Sauda skisenter. Når ein når  Djuvsbotn litt høgare opp, følg skilt mot enten Ravnafjell eller Hustveitsåta. I området er der stille fiskevatn, brusande elver og vill natur før toppen. 

Alternativt kan ein starta vandringa til Hustveitsåta frå Hustveit (turen blir då noko lenger og fleire høgdemeter). 

Bildet av Hovlandsstølen på hausten.
Nordstøldal

Hovlandsnuten (931 m.o.h.) i Nordstøldal er eit populært turmål både sommar og vinter. Undervegs til Hovlandsnuten (931 m.o.h.) er Eventyrskogen og Trollplassen. Her bur kjende karakterar frå norske folkeeventyr. Det er heile 987 trappetrinn opp til Hovlandsnuten. Rett før Hovlandsnuten blir stien om til imponerande sherpatrapper som snor seg oppover mot nuten. 

På nuten ventar panoramautsikt frå topphytta – her kan ein nyta nista si innomhus. 

Veljar ein å utforske den andre sida av Nordstøldalen, mot Brekkestølsnuten (1044 m.o.h.), kan ein oppleve ei fossande elv, grønkledde lier og flotte svaberg før ein når toppen.

Utsikt fra en av vardene i Maldal mot Reinsn uten om sommeren.
Maldal

Maldal har framleis eit aktivt landbruk og er mest kjent som startpunkt for friluftsentusiastar som vil gå til Reinsnuten (1167 m.o.h). På toppen av nuten kan du sjå frå Folgefonna til langt utover fjordane. 

I Maldal er det tatt vare på 8 gamle høyløer. Frå parkeringsplassen kan du ta løeturen som går innom alle høyløene. Området har variert terreng med gode utsiktspunkt og flotte naturopplevingar undervegs. På kvar løe er ei lita historie og bilete. 

Køyrer du utover mot Vetrhus finn ein tilrettelagte stiar til idylliske Vetrhusstølen og Tveitestølen.

Slettedalen og Hellandsbygd

I Slettedalen er det flott turterreng, fine grønkledde dalar og vakre elver. Turen til Nevroldsnuten startar eit lite stykke ifrå parkeringsplass og går i vekslande terreng før du kjem mot toppen og verda opnar seg opp. Du går same veg ned som opp.

Turen til Indrejordsnuten startar i enden av Slettedalen og du går i noko bratt stigande fjellterreng til nuten som ligg på 1284 m.o.h. Siste del mot nuten er bratt, men utsikta på toppen over breie Slettedalen er ei oppleving i seg sjølv. 

Turen til Spelhustoppen startar frå kappellet i Hellandsbygd (parkeringsplass) og følgjer den gamle ferdastien opp til Spelhustoppen (Tyskerstien). Historia rundt kraftutbygging er skrive på fleire skilt undervegs. Frå Spelhustoppen kan ein gå inn til demningen på Dalvatn der den merka stien stoppar.  

Turgåer ser ned til Sauda by ifra Liasetnuten i Ryfylke, Norge.
Herheimsdalen og Austarheimsdalen

Herheimsdalen ligg ca. 10 km frå Sauda sentrum i naturskjønne omgjevnader. Frå Herheimsdalen kan du vandra til Liasetnuten (966 m.o.h.) ved å følgja ruta via Austarheimsdalen med fine vatn og elver mot Fjotene. Turen går vidare i meir høgfjellsterreng før du når nuten med panoramautsikt til Saudafjorden og fjella rundt. Frå Austarheimsdalen er det merka rute til Tråskår / Åbødalen eller du kan følgje ruta over Brekkeheia til Rundehaugen. 

Tips: Vær oppmerksam på at namnet Buernuten ofte blir brukt lokalt for Liasetnuten. Namnet Buernuten blir og brukt for merking, men på kart står det Liasetnuten. 

Buer på seinsommaren.
Åbødalen

Buerelva og dei gjeve u-dalane, saman med jettegrytene gjer naturlandskapet her vel verdt eit besøk.

Myrane rundt er ein kortare tur der du følgjer Buerelva innover frå badeplassen ved Storemyrstjødna (og kalt Klovsteinstjødna). På returen kan du gå tilbake langs vegen. Om ein vil forlengje vandringa så kan ein fortsetje frå Buer, forbi jettegryttene og innover mot Vio, over Nordheia og ned Moringdalen til Buer. 

Liasetnuten (også kalt Buernuten lokalt) når ein ved å gå opp Moringdalen til Fjotene og vidare mot Liasetnuten der  flott fjordutsikt opnar seg opp. Startpunkt for fottur til Liasetnuten og Nordheia er Buer.  

Sjå lengre turforslag Åbødalen – Sandvasshytta på UT.no