Søk
Anna's Kafe on Tinghaug, Sauda. People sitting outside enjoying the sunshine.

Tinghaug & Annas kafé 🍰

Tinghaug er staden for folkeleg kreativitet, samvær og trivsel

Denne flotte plassen ligg i Saudasjøen, rett ved Sauda golfbane og Rødstjødna. Tinghaug var heimen til kunstmalaren Samuel Tveit, han flytta hit i 1929 og levde her saman med familien sin til han døyde i 1957.

Idag held den populære sommarkaféen Annas Kafé til på Tinghaug, kaféen er oppkalla etter Anna Tveit (født Dahl), Samuel si kone som òg vart kunstnar. 

Annas Kafé er open kvar sundag frå mai til september. Her serveras heimebaka kaker, gjærbakst, nystekte vafflar, kaffe og te. Dette kan nytas innandørs i Tinghaugs koselege stuer og glassveranda, eller utandørs om veret tillatar det. 

Annas Kafé er ikkje kommersiell, og er dreve på dugnad. Les meir om Tinghaug og Annas Kafé her.