Søk
Disk golf or frisbee golf course in Sauda, Norway.
Foto: Sauda disk golf

Sauda diskgolf / frisbeegolf 🥏

Sauda diskgolfbane i Svandalen

Sauda diskgolfbane opna hausten 2022. 

Diskgolbanen ligg høgt i Svandalen ved Sauda skisenter med fantastiske utsikter utover Saudafjorden. 

Banen i Svandal har 9 hol eller korger, med utkastmatter og korger plassert i terrenget. Frisbeegolf har same prinsippet som golf, bare at ein kastar ein frisbee istaden for å slå ein golfball. I staden for å skulle treffe eit hol, er det sett opp korger som du skal treffe. Den som klarer å fullføre med færrast kast er kåra vinnar!

Diskgolf er ein kjekk familieaktivitet, det passar for folk i alle aldrar. 

Det er gratis å bruke diskgolfbanen, men hugs å ta med eigne frisbee-plater.

Starten på løypa finn du ved barneskitrekket. Her er og eit kart som viser deg kor løypa er. 

Frisbeegolf-banen har ulik lengde på dei ni hola, alt ifrå 55 til 143 meter. 

Korgene til frisbee-banen er tilgjengelige heilt til snøen kjem og skisesongen startar. 

Følg Sauda diskgolf på Facebook for å gjøre deg kjend med reglane for aktiviteten og når diskgolfbanen er ope. 

Kilde: Sauda golfklubb