Søk
Aerial image of historical Åbøbyen, a district in Sauda, Ryfylke, Norway.
Foto: John EikCaffery

Åbøbyen - levANDE HISTORIE

Åbøbyen i Sauda er eit unikt bustadsområde som blei reist for arbeiderane og funksjonærane ved Sauda Smelteverk frå 1916 og framover. 

Området består av rundt 120 hus som blei bygd av det kanadiske selskapet Electric Furnace Products Company LTD.

Åbøbyen vart planlagt ned til kvar minste detalj. Selskapet EFP som bygde Sauda Smelteverk, hyra nokon av dei dyktigaste arkitektane i Noreg til å planleggja og teikna den nye hagebyen.

Åbøbyen er ein av dei best bevarte bustadsområda vi har frå utbygginga av den kraftkrevjande industrien her i landet og Åbøbyen har flotte eksempel på nyklassistisk arkitektur frå 1920-talet og funkis og etterkrigsarkitektur. 

Kjært barn har mange namn

Åbøbyen er og kjend som amerikanarbyen, villabyen, hagebyen og byanlegget. 

Dei største bustadene i Åbøbyen som og vart høgst oppe i bydelen, var for direktøren og høgare funksjonærar. Arbeiderane fekk leiligheiter i husa lengst nede og nærast røyken og fabrikken. 

Ta turen til Industriarbeidarmuseet i Åbøbyen for å utforska korleis livet var for industriarbeiderane og familiane deirar her i Sauda. 

Kjelde: Sauda Sogelag

Kva er ein hageby?

Åbøbyen er ein hageby og er kjenneteikna av fokus på at det skal vere lyst, luftig og grønt. Dette kjem til uttrykk i allear, grøntanlegg, parkar og hagar rundt husa. Vegetasjonen er bevisst brukt båe for å skape aksar og for å knyte områda saman. 

Åbøbyen vart stelt og vedlikehaldt av ein stor stab med gartnarar, snikkarar og andre handverkarar. Desse var tilsette ved fabrikken og høyrde til under avdelinga ‘Byanlegget’. 

Utover 1920- og 1930-talet utvikla EFP Åbøbyen og Sauda vidare – mellom anna med eit moderne sjukehus, forsamlingshus, kolonialbutikk og bibliotek. 

Finn ut meir om historia til Åbøbyen på Sauda Sogelag sine heimesider.