Søk
The sink museum, designed by architect Peter Zumthor, in summer.
Foto: John EikCaffery

Allmannajuvet ⚒️

Utforsk Sauda sin tidlege industrihistorie på eit ekte gruveanlegg

Opplev Allmannajuvet med sin særeigne natur og rike kulturhistorie! Dette historiske gruveområdet ligg ein 20 minutts køyretur ifrå Sauda sentrum og er ein av dei 10 største attraksjonane langs Nasjonale turistvegar Ryfylke.

Allmannajuvet var i drift frå 1881 til 1899, på det største jobba 200 arbeidarar i gruvene. I heile gruvas historie var det utvunne 12000 tonn med sinkmalm. Malmen blei skipa ut med dampbåt og seld utanlands.

Drifta av Allmannajuvet blei ein forløpar til seinare kraftutbygging og industrietablering i Sauda.

I 2016 opna eit anlegg teikna av den verdskjente arkitekten Peter Zumthor. Anlegget reflekterer Allmannajuvets historie og Zumthor sjølv beskriv bygningane som monument for arbeidarane som levde og døyde her.

De enkle og spektakulære bygga i juvet er utforma i ein industriell tradisjon og husar forteljinga om gruvene, eit galleri, gruvekafé og toaletter.

Allmannajuvet er opent i sommarsesongen og her kan du gå på guida turar langs gruvestien og inn i den nederste gruva, nyta god te og kake i kafeen og ta inn den utrulege utsikta i juvet.

#allmannajuvet

Kva er nasjonal turistveg?

Nasjonale turistveger er 18 utvalte vegstrekningar som går igjennom unike landskap i vakre Noreg. 

Nasjonal Turistveg Ryfylke går igjennom Sauda, mellom Oanes ved Lysefjorden og Hårå i Røldal og er 260 km lang.

Om anlegget & guida tur

Sesongen i 2023 er no ferdig.  

Allmannajuvet gruvemuseum er eit galleri, gruvekafé, toalett, parkering, stiar og trapper. Det er guida tur langs gruvevegen og inn i sjølve gruva. Alle som blir med på guida tur vil bli utstyrt med hjelm og lykt. Inne i gruva er det kaldt og rått, og det er viktig å ha på seg varme kler og gode tursko.

Den guida turen varar i 90 minutt opp til to timar.

Det er ikkje tillat å ferdast på gruvestien utan følgje med ein guide.

Påmelding til guiding utanom sesong:

Ta kontakt med turistkontoret enten via epost: [email protected] eller ring oss på tlf: 52 78 42 00. Alternativt kan du ringe direkte til anlegge i Allmannajuvet på tlf: 469 19 696 – denne telefonen er kun bemanna i sesongen. 

Pris på guiding for grupper i 2023 utanom sesong:

1-5 pers: kr. 1400,-
6-15 pers: kr. 2700,-
16-30 pers: kr. 4800,-

Utanom sesongen tilbyr me guiding i Allmannajuvet for grupper på førehandsbestilling på området med bygningane, langs gruvestien og inn i den nederste gruva. 

For omvisning utanom sesong og for større grupper enn 30 personer, vennligst ta kontakt med oss på Turistkontoret enten via e-post: [email protected] eller ring 52 78 42 00 eller stikk innom.

Group of tourists at the entrance of a mine in Allmannajuvet, Sauda, Norway

Historia om Allmannajuvet

Gruveeventyret byrjar i 1881 då husmannen Gregorius Hansen Birkeland oppdagar sink, jern og kobbermalm i juvet. Året etter startar Sauda Grubecompagni drift med 20 mann i arbeid.

I starten finns ikkje eingong ein veg, og alt bæres på rygg. To år etter, i 1884, er gruvevegen klar og kløvhestar fraktar malmen frå Allmannajuvet til Saudafjorden.

I 1888 seljes drifta til The Norwegian Zinc Co Ltd for £40.000 (ca ein halv million norske kroner), de nye eigarane satsar friskt og i 1897 er der opp mot 200 personar i arbeid i gruvene.

Diverre får gruvedrifta ein skikkeleg knekk i 1899 og heile anlegget blir lagt ned.

Eit århundre etterpå blir vegen til Allmannajuvet ein del av Noregs Najsonale Turistveger og i 2016 opnar Allmannajuvet igjen, denne gongen for å formidle ein viktig del av Saudas gruvehistorie.