Søk

Topptur i Saudafjella

Her er tips til fine toppturar med flott skikøyring i Saudafjella

For ein litt erfaren skigåar er topptur ein fantastisk måte å oppleve naturen i Sauda. Utforsk den storslagne fjellheimen med ei gruppa eller gå med ein kamerat. Din tryggleik er ditt eige ansvar – å vere på skitur i fjellet still krav til dugleik, rett utstyr og sunne haldningar. 

For dei som vil ut på topptur anbefalast det å melde seg på eit toppturkurs og å søkje opplering i bruk av naudutstyr (som skredsøker, sondestang og spade) og opplering i kameratredning. 

Denne artikkelen har blitt utarbeida saman med lokal beredskap, skredekspertar og toppturentusiastar i Sauda.

 

Naudnummer:

Lokalpoliti tlf: 02800

Ambulanse tlf: 113

Politi tlf: 112

Planlegging for topptur

Planlegging er viktig for at turen blir så fin og trygg som mogleg. Sjekk ver og vind, skredfare, studer bratthetskart, ha på deg klede som beskytter mot ver og vind og ha sikkerhetsutstyret på plass i sekken. 

Sjekk snøskredfaren i vårt område her. Sjekk varsom.no for å få ein forståelse av skredvarsel, bratthetskart og korleis du kan leggje inn observasjoner når du er på tur. 

Det anbefalast å studere seg gjennom bratthetskarta der ein vil på topptur, finn det relevante kartet for din tur her

All ferdsel på eige ansvar – du har ansvar for eigen tryggleik og du bør ha erfaring med å stå på ski. Usikker på kva som må med på ein topptur? Les DNT sin artikkel om pakking for topptur her. 

5 kjekke toppturar i Sauda

Brekkestølsnuten

Fire person på topptur står vendt mot fjordutsikten ifra Brekkestølsnuten, Sauda
Foto: John EikCaffery

Topptur med fjordutsikt – fin for dei som vil prøve topptur for fyrste gong

Brekkestølsnuten er ein topp som ligg på andre sida av den meir kjende Hovlandsnuten. 

Toppturen startar frå p-plass på Brekkestølsbråte og går i relativt flatt terreng inn mot Skeivane. Følg oppkøyrt løype til Risbruna før ein tar av til høgre og følgjer oppover med elva på høgre side.

Bjørnanuten - Breiborg

Fin topptur på Breiborg, eit populært høgfjellsområde i Sauda langs Nasjonal Turistveg Ryfylke

Start frå p-plass på Breiborg og følg «Nasjonalen» innover mot Botnavatnet. Frå påske kan ein køyre noko lenger inn og starte turen ved bommen. Frå Botnavatnet kan ein gå på begge sider av elva opp mot Flåna. Her opnar terrenget seg og ein går i slakt terreng inn mot Bjørnanuten. Ein magisk nedkøyring venter i ope høgfjellsterreng.

Sauanuten - Svandal

Fin og enkel topptur i nærleiken av Sauda Skisenter med fjordutsikt og varierte nedkjøringsmogligheiter

Toppturen starter frå p-plass i Svandal og går på aust sida for Sauda Skisenter i retning Bakkavatn. Skituren går gjennom noko kupert terreng i skogkledde liar før ein kjem over skoggrensa. I jamn fin stigning går ein mot Sauanuten, flott utsikt over Svandal og fjorden når ein er på toppen. Ein relativt lett topptur med varierte nedkjøringsmogligheiter. Vær obs på nokon skrentar og elvegjelet som ein har på venstre side på veg ned.

Lauvåsnuten - Maldal

Start frå p-plass i Maldal og følg gjennom skogkledde lier opp mot Maldalsstølen. Hold til høgre for Lauvåsnuten og gå opp på baksiden. På toppen har ein flott utsikt ned mot Maldal samt ca 400 høgdemeter å boltre seg på gjennom varierande terreng og skogskøyring. 

Kjelabotnheia/Lågaheia

Fin tur i skogkledd terreng med nydeleg nedkøyring i nærleik av Nevroldsnuten

Kjelabotnheia/Lågaheia ligg til venstre for Nevroldsnuten ca. 100 høgde meter lågare. Start frå p-plass i Slettedalen og gå nokon 100 meter i oppkøyrd løype før ein tar til venstre inn på skogsveg og forbi nokon hytter. Følg oppover i skogkledd terreng til venstre for Nevroldsnuten. Flott utsikt og nydelige nedkøyring venter i delvis opent og skogkledd terreng.

Eit knippe toppturar for dei litt meir erfarne

Forslaga her er tilsikta brukergruppa som har noko erfaring med toppturar. Kvar enkelt er uansett ansvarlig for egne val og må ta omsyn til:

  • Vær & vind
  • Snøskredvarsel
  • Ruteval
  • Utstyr
  • Følgje fjellvettreglene
  • Ravnafjell
  • Hovlandsnuten
  • Tengdalsnuten
  • Nevroldsnuten
  • Reinaskarnuten
  • Reinsnuten