Søk
The idyllic Tangen picnic area in Sauda on a sunny summer's day.

Opplev Sauda

Ein by i miniatyr med eit sydande folkeliv og eventyrleg natur

Sauda by

I Sauda er det kulturhus (Folkets Hus), kino, bibliotek, utebasseng som er ope heile året, eit koseleg bysentrum for shopping med gratis parkering og snøfrie gater, om vinteren. Familieparken Andedammen, med grøntanlegg, minigolf og boccia er ein ynda destinasjon i sommar og haustsesongen 

Den historiske bydelen Åbøbyen ligg i Sauda –  Åbøbyen er eit av dei best bevarte bustadsområda for arbeidarar og funksjonerar i Noreg frå utbygginga av den kravtkrevjande industrien.

Sauda skisenter ligg ein 15 minutts køyretur frå sentrum, med fjordutsikt frå skibakken. 

Fjellheim & friluftsliv

Sauda er for friluftsentusiastar – ta turen og oppdag alt det fine fjellheimen har å by på. I Sauda kan du gå på topptur, historiske vandringar og lange turar innover de breie dalane.

Om sommaren og hausten er det eit stort utval fotturar å velga mellom i Sauda og når snøen kjem er der over 100 km merka og opptrokka løyper å utforske. For å halde deg oppdatert på opptrokka skiløyper sjekk ut skisporet.no.

Turgåer beundrer utsikt fra sti til Hovlandsnuten ned mot Saudafjorden på en grå høstdag.

Turar i Sauda

Sauda har flotte nærområder du kan utforske på enkle og lett tilgjengelige dagsturar. Her finn du turar som passar for

Les meir »

Skiturar

Sauda er eit vinterparadis for heile familien – Over 100 km merka og opptråkka skiløyper i åtte fjelldalar og skisenter

Les meir »