Søk
Landscape image of Trollplassen in summer, Sauda.
Foto: Per Inge Fjellheim - Trollplassen om sommaren

eventyrskogen & trollplassen

La leken og fantasien løpe løpsk i Eventyrskogen og på Trollplassen.

Sjå turforslag frå UT.no her. 

Eventyrskogen

Du startar frå Risvoll skule i Saudasjøen, like utanfor Sauda sentrum, og går forbi den idylliske Fosstveitdammen (NB! Her er stien lagt om). Så følgjer du vegen ca 100 meter før du tar av til venstre inn på ny, opparbeida sti i bratt stigning mot målet.

I Eventyrskogen finner du mange kjende figurar frå eventyras verd, og det er ein flott gapahuk og gode grillmoglegheiter.

Trollplassen

Ikkje langt frå Eventyrskogen finner du Trollplassen. Her er det mellom anna ei ‘Bukkene Bruse’ bru over bekken.

Kven tar rolla som trollet? Nyt nista i gapahuk og ta eit bad i den flotte dammen. Dei barnevennlege turmåla er populære for heile familien.

Kjelde: Reisemål Ryfylke

A wooden sculpture next to a live Christmas tree in Eventyrskogen, Sauda.
Foto: Per Inge Fjellheim Eventyrskogen