Søk
A person fishing
Photo by Samantha Deleo on Unsplash

Fisking i Sauda

Fisking er ein flott måte å kombinera ei fin naturoppleving med hausting av naturen. For å fiske i vatten og vassdrag  med ferskvatten må ein ha eit fiskekort. 

Fiskekort kan kjøpast på elveguiden.no på nett. Lokalt kan ein kjøpa fiskekort på Nuten Sport eller Intersport i Sauda (NB! på desse to plassane selges kun fiskekort for fisking i vatten, ikkje i elver). 

Nokon retningslinjer for fisketur:

  • Ha tillatelse til å fiske eller ha legitimasjon som viser at du er under 16 år når du fiskar i ferskvatten. 
  • Ikkje bruk levande fisk som agn.
  • Ikkje flytt fisk til andre vatten eller vassdrag. 
  • Sløy og vask fisken i det vattnet du fangar fisken i. 
  • Tørk fiskeredskapar, støvlar og vadarar før du flytter deg til eit anna vatten. Dette er for å unngå spredning av levande organismar og sjukdom. 
  • Ikkje forstyr dyre- og fuglelivet, særleg i yngle- og hekketida. Respekter ferdselsforbud. 
  • Sporlaus ferdsel – alltid. Ta alltid med deg søppelet ditt heim. 

Les meir om fiskereglene i Noreg her.