Søk
Rødstjødna lake in spring, Sauda, Ryfylke, Norway.
Rødstjødna lake in Sauda under a blue sky with snowcapped mountains in the distance.
Badeplassen Rødstjødna i Sauda. Foto: Aasta Eik-Nes

Badekulpar og badeplassar 🏊🏽‍♂️

I Sauda kan ein bada heile året – båe i Saudahallen sitt oppvarma utandørsbasseng og i fjorden for dei som ynskjer det! Om sommaren kan ein velje mellom koselege sandstrender langs fjorden  og friske fjellvatn. 

Rødstjødna - Badeplass i naturskjønne omgjevnader i Saudasjøen

Rødstjødna er eit vatten som ligg idyllisk til ved Tinghaug og Sauda golfbane

Rødstjødna er ein offentleg badeplass og her finn ein gapahuk og flytebryggje. Ein kan bada i vattnet frå mai til september. 

Det går ein fin turveg rundt Rødstjødna, les meir på UT.no

Rødstjødna blir ogso kalla Rødstjørna. 

På sundagar i sommarsesongen kan ein nyta kake og kaffi på Annas Kafé på Tinghaug eller ein kan ta seg eit slag golf på Sauda Golfklubb når snøen har smelta. 

Rødstjødna lake in Sauda, Norway
People swimming in the fjord at Nesøyra beach
Nesøyra badeplass Foto: Linn Gauthun

Nesøyra - aktivitets og friluftsområde med badestrand

Nesøyra er eit kommunalt friluftsområde der ein kan bade, fiske og raste. På Nesøyra er der sandstrand, grasslette, gapahuk og toalett. Her kan ein ta seg et fjordbad og beundra utsikten over storslåtte Saudafjorden.

Dette flotte friluftsområdet ligg sørvest for Sauda sentrum, i Saudasjøen. 

I området er der rester etter anlegg frå andre verdenskrig. Her står ei vekt for jernbanevogner og ei vaktbu tilhøyrande NORDAG-anlegget. 

Frå Nesøyra kan ein gå på vandring langs Neskanalen, anten til Sauda eller til Saudasjøen. 

Sjå fleire forslag til vandringar i Sauda og Saudasjøen her. 

Kjelde: Friluftsrådet VEST

Storemyr - friskt fjellvatten i vakre Åbødalen

Storemyr er eit friskt fjellvatten som ligg overfor Nipbakkane i Åbødalen nord for Sauda sentrum. 

Området byr på ei fin sandstrand, flytebryggje, sandvolleyball, god parkering, bord og benker, gapahuk, grillmoglegheiter og sanitæranlegg. 

Dette er eit flott område for sykkelturar og vandringar. Vidare innover Åbødalen kan ein utforske Jettegrytene – naturforma badekulpar med fantastisk utsikt utover Buer – dalen inst i Åbødalen. 

People paddling in Storemyr lake under a blue sky.
Bading på Storemyr Foto: Aasta Eik-Nes
Picture of the sand beach at Sauda Fjord Camping in Sauda, Ryfylke, Norway, in summer
Foto: Sauda Fjord Camping

Sandstrand ved Sauda Fjord Camping i Saudasjøen

Stranda ved Sauda Fjord Camping er ein av få sjøstrender i Sauda. Her finn ein fine svaberg og flotte bademoglegheiter. Stranda her er perfekt for born og bornefamiliar. 

Fjorden blir ofte varm og fin å bade i på seinsommaren. 

Bli inspirert til din neste staycation eller ferie, les meir om Sauda Fjord Camping her. 

Eventyrlege Jettegryter inst i Åbødalen

Jettegrytene er naturforma badekulpar i elveleiet inst i Åbødalen. På ein varm sommarsdag inviterar elveleiet til bading og grilling. 

For å finne Jettegrytene følg grusvegen frå Storemyr heilt til endes i Buer. Ifrå parkering her kan ein følgja stien innover Buer, ca 800 meter til Jettegrytene. 

Jettegrytene fairy pools in Sauda, Norway.
Jettegrytene Foto: Per Inge Fjellheim