Kontaktdetaljer - turistkontoret
Besøksadresse
Brugata 4
4200 SAUDA
Turistkontoret finn du i Brugata 4, rett ved Storelva. Her kan du få svar på kva du kan finna på her i Sauda. Dei fleste attraksjonane i Sauda er knyta til natur, kultur og historie.
På turistkontoret kan du få informasjon om fjellturar i Sauda og bestilla aktivitetar, tildømes gruve-ekspedisjon i Allmannajuvet og guida tur til Industriarbeidarmuseet.
Brugata 4
4200 SAUDA
Du kan leiga utstyr på Turistkontoret for friluftslivaktivitetar og arrangementa. Send oss ein epost eller stikk innom turistkontoret for å få fullstendig lista med prisar og detaljer.
Sauda ligg lengst nord i Rogaland, berre 2 timar ifrå Haugesund og Stavanger med bil på 2.5 timar, langs Nasjonal Turistveg Ryfylke.
Du kan og ta hurtigbåten frå Stavanger som tek 2.5 timar gjennom flotte fjordlandskap, eller ta bussen ifrå Haugesund eller Ølen. Oversikt over båt- og busstider finn du på kolumbus.no eller du kan ta kontakt med turistkontoret vårt for råd om beste rute til Sauda.
Saudavegen (Fv. 250) er ein spektakulær fjellovergang mellom Røldal og Sauda. Saudavegen mellom Hellandsbygd i Sauda kommune og Røldal er vinterstengt.
Verdt å veta at vegen opp til Breiborg er ope frå vinterferien. Hald deg oppdatert på veginformasjon på Statens Vegvesen.
Sauda tømmestasjon, Kyrkjegata, heilt ved fjorden.
Eviny ladestasjon, Kyrkjegata 10, 4200 SAUDA
Mer ladestasjon, Brugata 2, 4200 SAUDA
ESSO bensinstasjon, Kyrkjegata 6, 4200 SAUDA
B&B bilverkstad, Birkelandsvegen 102, 4200 SAUDA
Sauda Bilverksted, Birkelandsvegen 122, 4200 SAUDA
ESSO bensinstasjon, Kyrkjegata 6, 4200 SAUDA
Sorteringsanlegget Birkelandsvegen 152, 4200 SAUDA
Miljøstasjon EXTRA Sauda, Brugata 2, 4200 SAUDA
Apotek 1 Sauda, Skulegata 10, 4200 SAUDA
Sauda legesenter, Åbødalsvegen 79, 4200 SAUDA
Tel: 52 78 60 00
Kyrkjegata 2, 4200 SAUDA Tel: 52 78 55 77
EXTRA Sauda, Brugata 2, 4200 Sauda
Kan også hente pakker på Bunnpris, Saudavegen 9, 4200 SAUDA
Bunnpris, Saudavegen 9, 4200 Sauda
KIWI Torggata 3, 4200 SAUDA
EXTRA, Brugata 2, 4200
Sauda Veterinærkontor Austarheimsvegen 116, 4200 SAUDA Tel: 52 79 71 55
Sauda har over 100km merka skiløyper i snøsesongen. Hald deg oppdatert på når skiløypene blir tråkka opp på skisporet.no
Hald deg oppdatert på jord- og snøskredfare på varsom.no
Sauda er ein fantastisk plass for eventyrlege ski- og fotturar. Fjellvettreglene hjelper deg å planleggje og gjennomføre tryggje og flotte turar.
Det er mykje fjell og hei i Sauda og Naturvettreglene hjelper deg å forstå korleis du kan ferdas skånsomt i takt med den levande naturen vår.
Allemannsretten
Ein viktig forutsetning for friluftslivet i Noreg er retten til fri ferdsel i natur; allemannsretten. Les meir om korleis allemannsretten er relevant for deg og korleis allemannsretten sikrar rammevilkåra for eit berekraftig friluftsliv her.
Vegen vidare – VisitRyfylke
Sauda ligg i Ryfylke regionen og det er mykje eventyr og flotte opplevelingar som ventar deg utafor Sauda. VisitRyfylke er ei fantastisk side og kjempefint verktøy for å planleggje Ryfylke-ferien din!