Søk
Bading i utandørsbassenget ved Saudahallen.
Foto: Per Inge Fjellheim

Saudahallen

Ta ein dukkert i sentrumsbadet i Sauda! I dette anlegget er det både innandørsbasseng og utandørsbasseng som er åpent heile året.

Nytt utebasseng opna i 2016 og her held temperaturen 32 til 33 grader celsius året rundt.

Saudahallen er og heimstaden til den unike Fagerheimssamlinga ‘Frå vogge til grav’ som visar Saudasamfunnets tradisjonar og skikkar frå gamalt av. Utstillinga er i foajéen.

Svømmehallen

I svømmehallen er der 25m langt basseng med stupebrett på 1m og 3m og nytt sidan 2022 er ei kjekk hinderløype! Bassenget er 1m på det grunnaste og 4m på det djupaste.

For dei aller minste av oss har dei eit plaskebasseng og eit oppleringsbasseng.

Kvar garderobe har badstue der ein kan slappa av etter ein god svømmetur.

Gå til Saudahallen si heimesida for finne ut meir om opningstider og priser.