Søk
Andedammen duck pond in summer.

Andedammen familiepark🐷

Andedammen er eit flott park- og grøntanlegg rett ved siden av Sauda sentrum og på grensa til historiske Åbøbyen. På sommarstid i Andedammen bur forskjellige dyr her, mellom anna geiter, kaniner, griser, ender og gullfisk. 

Andedammen er ein kjekk opplevelse for dei små, og for dyreelskere i alle aldre. 

I Andedammen finn du og bord, benker, grillmoglegheiter og hvis det er ruskete ver er det og gapahuk med benker. 

Å kosa seg i Andedammen er heilt gratis, og for at dyra skal ha det fint hugs at du ikkje skal mata hverken geiter, griser eller sauer og ikkje gi fisken noko mat heller. 

Fleire av dei merka turløypene som startar i Sauda sentrum går gjennom Andedammen. Her kan du gå vidare innover stien langs Storelva og fortsette til Lona eller opp til utsiktpunktet Rondehaugen. 

Kjelder: Fjord Norway, Andedammens Venner

Andre aktivitetar og attraksjonar i nærleiken

Rett ved Andedammen ligg Sauda minigolf med minigolbane og boccabane. Her er og ein pumptrackbane for dei som ynskjer fart og spenning. Videre inn mot Sauda sentrum ligg Saudahallen med eit heilårs utandørsbasseng og i Åbøbyen finn du Industriarbeidermuseet der du kan utforska korleis livet var for industriarbeiderfamiliene  på 1920- og 1960 talet.