Søk
Sauda Klubb bygget.

overnatting

Sauda er ein perfekt base for å utforske Sauda og resten av Ryfylke 

I Sauda kan du bu på eit sentrumsnært hotell eller slappa av i ei hytta på fjellet eller ved fjorden. Du kan og dra på campingtur eller samla alle kjente og kjære for arrangement og overnatting i nyrenoverte Sauda Klubb. 

Hytter, dome og andre fritidsboligar til leige ligg på Handeland LodgeSauda Rentals, AirBnB og på finn.no. 

Handeland Lodge - Overnatting langs Nasjonal Turistveg Ryfylke

Usedvanleg overnattingstilbod i høgfjellsterreng

Handeland Lodge leiger ut ein arctic dome på høgfjellet mellom Røldal og Sauda – her har du rå natur på dørsterskelen!

Hjå Handeland Lodge kan du og leige den tradisjonsrike turisthytta Minnehaugen. Denne turisthytta ligg ved inngongen til Slettedalen og er ein ypparleg base for både korte familieturar og lengre skiturar.

Foto: John EikCaffery

Sauda Rentals

Alt du treng for ein herleg tur til fjells

Sauda Rentals er ei nysatsing her i Sauda som tilbyr utleige av ferieleilegheiter og hytter til turistar og bedrifter.

Er du interessert i å bli hyttevert eller vil du finna ut om draumehytta di er å leige, ta kontakt med Sauda Rentals. 

Living room in a holiday apartment available to rent from Sauda Rentals.
Foto: John EikCaffery

Sauda sentrum

Sauda Klubb

Sauda Klubb er ein kjent bygning i Sauda med sentral plassering. 

Hos Sauda Klubb kan du leige overnattingsrom/leilegheiter for familiar og enkeltpersonar. 

Sauda Klubb har og ein festsal som kan bookas for bryllaup, konfirmasjonar og andre arrangement. 

Kløver Hotel

Hotellet finn du i Sauda sentrum. Kløver Hotel har velutstyrte rom og rett over gata har hotellet og Mettes lille hotell, med 4 suiter/ leilegheiter. 

Kløver hotel kan og tilby moderne konferanseavdeling med 4 forskjellige møterom. 

Hotellet er ideelt for kurs/konferanse, selskap og ferie!

Grand hotell

Dette er Saudas eldste hotell og det er mykje historie i veggene. Grand hotell ligg i Sauda sentrum med flotte utsikter over Saudafjorden. Hotellet har 13 rom og er eit rimeleg overnattingstilbod i Sauda. 

Saudasjøen

Saudasjøen ligg ein 5 minutts køyretur frå Sauda sentrum og er ein flott base for vandringar til Nordstøldalen, Hovlandsnuten og kort veg til Svandalen og Sauda skisenter

Sauda Fjord Camping

Sauda Fjord Camping ligg idyllisk til ved fjorden. Her kan du booka hytter, flotte leilegheiter og camping. 

Campingområdet har ein kapasitet på ca 150 bobilar, campingvogner eller telt. 

Her finn du mellom anna fasilitetar som badestrand, wifi, båtutleige, leikeplass, tømmestasjon og dusjar. 

Sauda Fjordhotell

Fjordhotellet er eit herregard hotell oppført i 1914, då som eit rekreasjonssenter for velståande familiar. 

Idag har hotellet avslappa salongar med fantastisk utsikt over fjorden og ein restaurant som serverar varierte rettar basert på lokale råvarer. 

Hotellet har bryllaups- og selskapslokale, konferanserom og Sauda Fjordhotell tilbyr diverse overnattingspakkar.