Søk
Breiborg mountain area in Sauda in sun and snow.

Breiborg

Flott høgfjellsterreng i snørike Sauda

Dette er eit særprega og flott  høgfjellsterreng kor det blir køyrd opp skiløype frå vinterferien. Nasjonalen, som ikkje må forvekslast med Nasjonalen i Åbødalen, går frå Breiborghytta innover mot Breibotn, og svingar seg over Tverdalen tilbake til parkeringsplassen. 

Dette er eit snøsikkert område i flotte omgjevnader. Skispor blir køyrde med scooter og sporkall.

Hald deg oppdatert på opptråkka løyper på skisporet.no

For å utforska Breiborg, køyr med bil frå Sauda sentrum og følg RV520 i retning Røldal, Breiborg-området ligg ca 20 minuttar frå Sauda. 

Turforslag

'Nasjonalen Breiborg'

Gradering: Middels
Gradering: middels

Nasjonalen er ei merka og oppkøyrd løype som startar ved Breiborg Fjellstove og går inn mot Breibotn. Vidare dreier den til høgre (sørover) mot Tverrdalen og over Tverrdalsheia. 

Det er bok på Tverrdalsheia kor du kan skriva deg inn. 

Herfrå går turen i lett og fint terreng tilbake og ned mot fjellstova. 

Dette er ein flott rundtur for dei som vil oppleva vinter i høgfjellet.