Skisenter, fjordutsikt frå skibakken og høgfjellsterreng
I Svandal ligg Sauda skisenter. Det er oppkøyrde løyper heilt frå skisenteret via Djuvsbotn og rundt Botnanuten i høgfjellsterreng. Dette er eit perfekt område for dei som ynskjer urørte nedkøyringar frå Ravnafjell eller Hustveitsåta.
Turane startar frå barneheisen og løypene blir køyrde med tråkkemaskin.
Hald deg oppdatert på opptråkka løyper på skisporet.no
Vegen hit
Kjem du ifrå Sauda sentrum så kjør mot Saudasjøen og følgjer skilting til Svandal. Det er parkering ved skisenteret.