Søk
Nordstøldalen - a valley in Sauda in snow on a sunny day.

Nordstøldal skiområde

Skjerma dal perfekt for skientusiastar

I Nordstøldal er dalføret lunt og skjerma for ver og vind. Nordstøldal er derfor eit flott utgangspunkt, spesielt for skientusiastar. Her er skiløypene preparert med maskin. Det er parkeringsplass på Brekkestølsbråtet. 

Hald deg oppdatert på opptråkka løyper på skisporet.no

Vegen hit

For å komma fram; ta av i avkøyring mot Nordstøldalen ved tunnelen i Saudasjøen.

Skiturforslag

Nordstøldalen rundt

Gradering: Middels
Gradering: middels

Dette er ein fin rundtur i Nordstøldal. Skituren er middels krevande og utgjer tilsaman 5,8 km med 278 høgdemeter totalt.

Start rundturen frå parkeringsplassen på Brekkestølbråtet og følg vegen inn mot Skeivane og deretter Nordstølen. Følg jevn stigning vidare inn til turisthytta Storavassbu. Returen følgjer same veg tilbake, men kryss elva og følg den andre sida av dalen ned mot Lia og tilbake til Skeivane.

Det er bok i Hanaskar kor du kan skriva deg inn.

Nordstøldal til Lyngmyr

Gradering: Middels
Gradering: middels

Denne turen startar frå parkeringsplassen på Brekkestølsbråtet slik som skituren Nordstøldalen rundt. Skituren er middels krevande og utgjer tilsaman 3,5 km med 239 høgdemeter totalt. Følg vegen inn mot Skeivane og deretter Nordstølen.

Fortsett et stykkje innover denne dalen og ta til venstre over elva og vend heimover langs traséen til Lyngmyr. Her er det nokon middels krevandes utforkøyringar undervegs, men ellers er det lett kupert terreng.