Søk
Aerial image of Åbødalen valley in winter - the valley is covered in snow, a river snaking through a forested snowdraped landscape.
Foto: John EikCaffery

Åbødalen

Naturskjønt skiområde med ulike løyper

Dette er eit variert og attraktiv skiområde kor du kan velje ulike traséar undervegs. 

Oppmerka og oppkøyrde skiløyper startar ved parkeringsplassen i Jeskedalen. Her er det bratt stigning opp Nipbakkane før dalen opnar seg opp og du kan velje mange kjekke skiløyper.

Ifrå vinterferien er det merka løype frå Buer, heilt inst i Åbødalen, opp til Fjotene som koplar seg på løypenettet i Austerheimsdalen. Skiløypene blir køyrde med scooter og sporkall. 

Vegen hit

Frå Sauda sentrum følgjer du skilt til Åbødalen. På vinterstid går vegen til parkeringsplassen i Jeskedalen, ca 8 km frå sentrum. 

Les meir om flotte Åbødalen på UT.no

Hald deg oppdatert på opptråkka løyper på skisporet.no

Skiturforslag

Åbødalen rundt

Gradering: Middels
Gradering: middels

Skituren Åbødalen Rundt er ein kjekk introduksjon til dette området, denne rundturen tar deg heilt inn til Buer og på turen vil du oppleva dramatiske utsikter, tildømes Fossdalsfossen som om vinteren forvandlast til ein enorm isskulptur. 

Delvis merka og oppkøyrd løype som startar og ender på parkeringsplass i Jeskedalen. Følg veg frå parkeringsplassen ca. 100 meter og ta av til venstre før brua. Det er noko stigning i starten, men ellers barnevenleg terreng innover til Buer. Her kan du følgje merka skiløype til høgre og over bru til andre sida av dalen. Alternativet er å følgje i merka men ikkje oppkøyrt løype langs elva til Takhidler og vende rundt tilbake til Buer. Herifrå går løypa på veg tilbake til Jeskedalen.

NB! Noko bratt nedkjøring siste bakkene til parkeringsplass. Merka frå Klekkstølen til Knaggamyra. Alternativet er å følge traséen motsett veg.

Myrane - Åbødalen

Gradering: Middels
Gradering: middels

Same start som Åbødalen Rundt, men held til høgre over bru og opp Nip bakken til Storemyr. Turen går i lett terreng innover mot Feta og følgjer så langs elva i lett stigning inn mot Buer. Følg deretter skisporet tilbake til Storemyr og ned til parkeringsplassen i Jeskedal.