Søk
Austerheimsdalen in snow under a blue sky.

Herheimsdalen og Austerheimsdalen

Turforslag

Herheimsdalen

Gradering: Middels
Gradering: middels

Frå Fiveland er det oppkjørte spor med scooter/sporkall innover mot Herheimsdalen. Hald til høgre og følg rundt flotte Fetavatnet, lett og fint terreng. Her er det mogleg å gå vidare mot Austerheimsdalen og vidare ned i Moringalen (merka løyper frå vinterferien) til Buer og Åbødalen. 

Denna traséen er og kjend som Fjellrennsløypa.

For å utforske desse dalane, køyr mot Hellandsbygd frå Sauda sentrum og ta av til venstre etter Lona. Ver merksam på at her er det begrensa parkering. Skilspora blir køyrde med scooter og sporkall. 

Hald deg oppdatert på skiløyper på skisporet.no

Austerheimsdalen

Gradering: Middels
Gradering: middels

Start frå Fiveland og følg oppkøyrd løype innover til Herheimsdalen. Før Fetavatnet dreier løypa til venstre i lett stigning inn mot Austerheimsdalen. Her kan ein følgja merka/oppkøyrd løype vidare mot Fjotene. Frå Fjotene og ned til Buer (Åbødalen) er løypa merka (frå vinterferien om det er forhold).

Denna traséen er og kjend som Fjellrennsløypa.

For å utforske desse dalane, køyr mot Hellandsbygd frå Sauda sentrum og ta av til venstre etter Lona. Ver merksam på at her er det begrensa parkering. Skiløypene blir køyrdemed scooter og sporkall. 

Hald deg oppdatert på opptråkka løyper på skisporet.no