Søk
Bilde av preparerte skiløyper i Slettedalen i Sauda.
Foto: Aasta Eik-Nes

Slettedalen

I Slettedalen er der lett og barnevenleg terreng til Indrejordet i enden av Slettedalsvatnet. Videre på austsida av vatnet er der noko stigning og skituren blir litt meir utfordrande.

Slettedalen passar godt for dei som vil ha ein roleg familietur eller for dei som vil læra seg langrenn. Les meir om denne flotte dalen på UT.no.

Langrennsarena

Slettedalen er ein langrennsarena og løypene her blir regelmessig vedlikehaldne.

Hald deg oppdatert preparerte skiløyper på skisporet.no

Slettedalen skianlegg har lysløype (kl 16:00 – 22:00). Her er det og dusjmoglegheiter og toalett. 

Kor er lysbrytaren for lysløypa?

Lysbrytaren er på garasjen mellom dei to portane og det står ‘lysløper’ under ein grøn og ein raud knapp. Trykk på begge knappane så får du lysløype.

Vegen hit

Slettedalen er ein halvtimes køyretur ifrå Sauda sentrum, langs Nasjonal Turistveg Ryfylke. Følg veg mot Røldal ifrå sentrum, like før Hellandsbygd ta til venstre mot Slettedalen (skilta) og følg vegen inn til parkeringsplass ved Slettedalen skianlegg.

Skiturforslag

Slettedalen rundt

Gradering: Middels
Gradering: middels

Følg oppkøyrd skiløype frå parkeringsplassen på venstre side av vattnet mot Indrejorde i enden av Slettedalsvannet. 

Her er det lett og barnevenleg terreng, eller bra terreng for å lera seg å stå på ski! I deler av skisesongen må du snu ved enden av vattnet og følgje vestsida av vattnet tilbake til parkeringsplassen. 

Utover sesongen er det vanleg å køyre opp løyper heile Slettedalen rundt, då kan du følgje sporet heimover på austsida av vattnet. Her er det fleire stigningar og det er ein long og flott rundtur. 

Minnehaugen

Gradering: Enkel
Gradering: Enkel

Start ifrå parkeringsplassen på høgre side (ljosløype), følg vegen tilbake mot Hellandsbygd og runder opp går parallelt tilbake til turisthytta, så ein liten stigning mot Minnehaugen for ein kan renna ned tilbake til start. Lengde ca 1400m. Lett terreng og barnevenleg. 

Torvøynå

Gradering: Middels
Gradering: middels

Torvøynå er ei ekstra sløyfe på 6 km i tillegg til den ordinære traseen for Slettedalen rundt. Denne løypa tek ein ut av den mest trafikkerte delen av dalføret og videre innover i sjølve Slettedalen. Her er ein omkransa av høge fjell og mektig natur.