Sauda skisenter
Skisenteret ligg kun 8 km frå Sauda sentrum, her får du fjordutsikt frå skibakken.
Sauda er ein populær destinasjon for langrenn, randonee, snowboard og slalom – I Sauda er det over 100km merka skiløyper i åtta dalar, flotte nutar for topptur og Sauda skisenter ligg kun 8 km ifrå Sauda sentrum – ved skisenteret får du fjordutsikt frå skibakken.
Her finn du ei oversikt over dalførene med skiløyper for langrenn i Sauda, her er det løyper for heile familien så legg familieferien din til Sauda for ein kjekk og aktiv ferie!
I Sauda meiner me at snøen er for alle. I samarbeid med våre dyktige løypekøyrarar er det gjennom fleire år blitt utvikla eit flott løypenett i Sauda.
Med 100 km varierte skiløyper til turar og trening på alle nivå ber me derfor om ein årleg frivillig løypeavgift av kr 500,- per skigåar, eller kr 50,- for ein dagstur og kr 150,- for ei langhelg (eller veke).
Den frivillige løypeavgifta betyr at me kan fortsetta det viktige arbeidet med vedlikehald av skiløypene her i Sauda.
Skisenteret ligg kun 8 km frå Sauda sentrum, her får du fjordutsikt frå skibakken.
Variert og attraktiv dal kor du har moglegheit til å velje ulike traséar undervegs.
I Nordstøldalen er dalføret er lunt og skjerma for ver og vind. Nordstøldalen er derfor eit flott utgangspunkt for skiturar.
Svandalen er eit paradis for snøsport, og det er preparte skiløyper med maskin i høgfjellsterreng frå Sauda skisenter.
Skiløypene i dette området er omkransa av flotte fjellområde med snø og himmel så langt du kan sjå.
Dette er eit særprega og flott høgfjellsterreng kor det er oppkjørte spor med scooter/sporkall frå vinterferien.
Maldal er eit fint utgangspunkt for skiturar i dei vestlige delene av Skaulenområdet.