Søk
Svandalsfossen på sommaren.

Fossar i Sauda

Fossdalsfossen om hausten.

Fossar i Sauda

Svandalsfossen

Majestetiske Svandalsfossen ligg langs Nasjonal Turistveg Ryfylke rett før Saudasjøen i Sauda. 

Fossen har eit fall på til saman 180 meter og den øvste delen av fossen har eit fritt fall på 40 meter. 

I 2006 blei der bygd eit bro- og trappeanlegg ved Svandalsfossen. Trappene med 552 trinn gir nærkontakt med storfossen og ei flott utsikt over Saudasjøen. 

Kjelder: Nasjonal Turistveg, Fjord Norway

Dronefoto av Svandalsfossen p[ sommaren.
Foto: John EikCaffery
Person utforsker Jettegrytene i Åbødalen på sommarstid.
Foto: John EikCaffery

Jettegrytene i Åbødalen

Jettegrytene finn ein i Buer i Åbødalen,  det går merka sti heilt fram til dei naturforma badekulpane.

Jettegrytene er forma over tusener av år, av vatten som skurar gryteforma hol i berget. 

Ved Jettegrytene kan ein møta på nysgjerrige geiter, plukka blåber i bersesongen og nyta flotte utsikter av Buer og Fossdalsfossen. 

Kastfoss

Kastfoss ligg nær Sauda sentrum. Frå sentrum (Varden ved Folkets Hus og Saudahallen) eller P-plass ved smelteverket kan ein følgje natursti langs Storelva over Kastfoss og vidare inn til Lona, følg samme veg tilbake til Kastfoss. Her kan ein gå over Brekke (gangsti) og ned Åbøbyen tilbake til sentrum. På stien går ein forbi Andedammen som er tilrettelagt med gapahuk, fiskedam, aktivitetar og ulike dyr. Ta til høgre inn på sti mot Kastfoss kor det er tilrettelagd med nye trapper og deretter følgjer ein Storelva stort sett heile stien innnover mot Lona.

View from top of Kastfoss waterfall in Sauda, Norway on a clear spring day.
Utsikt frå Kastfoss mot Lillebekk Foto: Aasta Eik-Nes
Høllandsfossen i Sauda på sommarstid

Høllandsfossen

Høllandsfossen kan ein sjå på vegen mellom Sauda sentrum og Åbødalen, rett etter Sauda Ungdomskule på høgre side av vegen. 

Fossen durar høgt når det er mykje vatten med eit fossefall på heile 25 meter. 

Ein kan komma nærme fossen frå den gamle steinbrua som blei bygd i 1860 av etnebuen  Lars Henrik Quambe.

Fossdalsfossen

Fossdalsfossen er ein stor foss i Åbødalen med eit fritt fall på 25 meter. Fossdalsfossen er godt synleg frå Buer i Åbødalen. Om vinteren frys Fossdalsfossen ofte over og blir til ein enorm, naturskapt isskulptur. 

For å sjå Fossdalsfossen på sommarstid, start frå Sauda sentrum  i retning Åbødalen, følg veg til Jeskedalen og vidare opp til Storemyr (badeplass) kor det er parkering. Herifrå kan ein vandra vidare inn til Buer, Fossdalsfossen ligg på venstre side av dalen. 

Fossdalsfossen om hausten.
Foto: Aasta Eik-Nes