Søk
Utsiden av folkets Hus i solskinn.
Folkets Hus in Sauda, the cultural hub in town.

folkets hus

Saudas kulturhub

I dette historiske byggjet er det to salar for konsertar, framsyningar og konferansar. Folkets Hus rommar og øvingslokale for kulturskule og kulturlivet ellers, som til dømes ungdomsaktivitetar og utstillingar.

På Folkets Hus finn du og Kraftkafeen, der du kan nyta kortreist mat og godt selskap. 

Då det norske industrieventyret starta, forvandla bondesamfunnet i Sauda seg til å bli eit moderne industrisamfunn. 

Folkets Hus vart sentral i moderniseringa av Sauda, bygget er teikna av Stavangerarkitekten Gustav Helland og Folkets Hus stod ferdig i 1931.

Då som nå vart Folkets Hus eit samlingspunkt for både lokalbefolkninga og dei besøkjande.

Kjelde: saudakultur.no

Ta ein kikk på arrangementskalenderen vår for å finne ut kva som skjer i Sauda. 

Varden i Sauda sentrum på ein skyfri dag med blå himmel.

Psst! Visste du at...

Rett ved Folkets Hus står Varden. Her finn ein inspirasjon og informasjon om sentrumsnære turar til dei flotte dalane i Sauda og nærturar i tettstaden. 

#folketshussauda

følg Folkets Hus på @folkets_hus_sauda