Korte avstandar i sentrum gjer det mogleg å finne alt du trenger i umiddelbar nærleik og i gåavstand. Sentrum byr på gratis parkering og du vil finna eit variert utval av butikkar med stort sortiment. Ta turen til sentrum for ein hyggeleg handel og eit kafébesøk.
I sentrum finn du og bibliotek, kulturhus (Folkets Hus), kino (opnar vinteren 2023) og heilårsutandørsbasseng.
Saudas største årlege arrangementer, Saudadagane i mai og Bønder i Byn i oktober tar og plass i Sauda sentrum, og forvandlar dei idylliske gatene med show, musikk og utandørs shopping!
Oppvarma gater på vinteren sørger for ein nærmast snø og isfri opplevelse. Sentrum er og eit fint utgongspunkt for merka turar i området, som kan passa for heile familien. La Sauda sentrum bli din base for ein innhaldsrik dag!