Sauda har flotte nærområder ein kan utforske på enkle og lett tilgjengelege dagsturar. I fjellheimen kan ein óg begi seg ut på lengre og meir krevandes vandringar der ein har moglegheit for overnatting.
Midt mellom Folkets Hus og Saudahallen står Varden.
Her er der skilt med informasjon om sentrumsnære turar til dei flotte dalane våre og nærturar i Sauda.
Vær oppmerksam på at i vintersårstida er mange av disse vandringane som regel utilgjengelege grunna snødekke.
Svandalen har flott naturlandskap med to tilrettelagte toppturar, ein til Ravnafjell (983 m.o.h.) og ein til Hustveitsåta (1187 m.o.h.).
Tips: Ravnafjell er òg kjend som Ramnafjell.
Startpunkt er ved Sauda skisenter. Når ein når Djuvsbotn litt høgare opp, følg skilt mot enten Ravnafjell eller Hustveitsåta. I området er der stille fiskevatn, brusande elver og vill natur før toppen.
Alternativt kan ein starta vandringa til Hustveitsåta frå Hustveit (turen blir då noko lenger og fleire høgdemeter).
I Nordstøldalen kan ein følgje norrøne spor til fjelltoppane og nyta vid fjordutsikt.
Undervegs til Hovlandsnuten (931 m.o.h.) er Eventyrskogen og Trollplassen. Kjende karakterar frå eventyrenes verden bur her. Det er heile 987 trappetrinn opp til Hovlandsnuten. Rett før Hovlandsnuten blir stien om til imponerande sherpatrapper som snor seg oppover mot nuten.
På nuten ventar panoramautsikt frå topphytta – her kan ein nyta nista si innomhus.
Veljar ein å utforske den andre sida av Nordstøldalen, mot Brekkestølsnuten (1044 m.o.h.), kan ein oppleve ei fossande elv, grønkledde lier og flotte svaberg før ein når toppen.
Start vandringa frå Risvoll skule eller Nordstøldalen for begge turane.
Maldal har framleis eit aktivt landbruk og er mest kjent som startpunkt for friluftsentusiastar som vil gå til Reinsnuten (1167 m.o.h). På toppen av nuten kan ein sjå frå Folgefonna til langt utover fjordane.
I Maldal er det tatt vare på 8 gamle høyløer. Frå parkeringsplassen kan ein ta løeturen som går innom alle høyløene. Området har variert terreng med gode utsiktspunkt og flotte naturopplevingar undervegs. På kvar løe er ei lita historie og bilete.
Køyrer ein utover mot Vetrhus finn ein tilrettelagte stiar til idylliske Vetrhusstølen og Tveitestølen.
Slettedalen er omringa av flott turterreng, fine grønkledde dalar og vakre elver. Turen til Nevroldsnuten startar eit lite stykke ifrå parkeringsplass og går i vekslande terreng før ein kjem mot toppen og verda opnar seg opp. Gå same veg ned som opp!
Turen til Indrejordsnuten startar i enden av Slettedalen og ein går i noko bratt stigande fjellterreng til nuten som ligg på 1284 m.o.h. Siste del mot nuten er bratt, men utsikta på toppen over breie Slettedalen er ei oppleving i seg sjølv.
Turen til Spelhustoppen startar frå kappellet i Hellandsbygd (parkeringsplass) og følgjer den gamle ferdastien opp til Spelhustoppen (Tyskerstien). Historia rundt kraftutbygging er skrive på fleire skilt undervegs. Frå Spelhustoppen kan ein gå inn til demningen på Dalvatn der den merka stien stoppar.
Herheimsdalen ligg ca. 10 km frå Sauda sentrum i naturskjønne omgjevnader. Frå Herheimsdalen kan ein vandra til Liasetnuten (966 m.o.h.) ved å følgja ruta via Austarheimsdalen med fine vatn og elver mot Fjotene. Turen går vidare i meir høgfjellsterreng før ein når nuten med panoramautsikt til Saudafjorden og fjella rundt. Frå Austarheimsdalen er det merka rute til Tråskår / Åbødalen eller ein kan følgje ruta over Brekkeheia til Rundehaugen.
Tips: Vær oppmerksam på at namnet Buernuten ofte blir brukt lokalt for Liasetnuten. Namnet Buernuten blir og brukt for merking, men på kart står det Liasetnuten.
Buerelva og dei gjeve u-dalane, saman med jettegrytene gjer naturlandskapet her vel verdt eit besøk.
Myrane rundt er ein kortare tur der ein følgjer Buerelva innover frå badeplassen ved Storemyrstjødna (og kalt Klovsteinstjødna). På returen kan ein gå tilbake langs vegen. Om ein vil forlengje vandringa så kan ein fortsetje frå Buer, forbi jettegryttene og innover mot Vio, over Nordheia og ned Moringdalen til Buer.
Liasetnuten (også kalt Buernuten lokalt) når ein ved å gå opp Moringdalen til Fjotene og vidare mot Liasetnuten der flott fjordutsikt opnar seg opp. Start for Liasetnuten og Nordheia vandringa er Buer.
Sjå lengre turforslag Åbødalen – Sandvasshytta på UT.no