Søk
Lilla lyng i solnedgang.

Haust i Sauda

Aktivitetar for heile familien, kulturhaust og vandringar i fjellheimen

Det skjer mykje kjekt i Sauda i haust  for heile familien! Me har eit spennande kulturprogram, nye elektriske offroad syklar til utleige ved skisenteret, festival og haustmarknad.

Hausten er og ei perfekt tid for vandring i fjellheimen og for å utforske nye og gamle stiar. Om du har lyst til å oppleva Sauda frå fjorden så kan du prøve sjøkajakk. 

På Folkets Hus blir det konsertar, show og teater for store og små. Siste laurdagen i haustferien  feirar Sauda mangfaldet me ser i jordbruket her i Ryfylke med haustmarknaden Bønder i Byn. 

Her på denne sida finn du ei oversikt over alt det fine Sauda har å tilby nå i haust. Program for kulturhaust i Sauda kan du sjå her

Aktivitetar i Sauda i haust

Elektriske offroad-syklar ved Sauda skisenter.
Heilt nytt: Elektrisk offroadsykkel i Svandal

Du kan leige elektriske syklar ved Sauda skisenter som du kan bruke til å utforske Svandal!

Ring eller send sms til Sauda Skisenter for å leige sykkel.

Om du tar turen til Sauda Skisenter sin ‘Åpen dag’ søndag 8. oktober kan du og leige syklane då.

Ring Sauda skisenter på 91 79 22 02 for å leige syklar. 

Disk golf or frisbee golf course in Sauda, Norway.
Diskgolf i Svandal

Ta med deg familien og spel diskgolf med fantastiske utsikt i Svandal! Å bruke diskgolfbanen er heilt gratis men du må ha eigne diskar. Informasjon om spelet finn du på den gamle løa mellom Sauda Skisenter og Vetlebu.

Folk i gatene i Sauda på sommaren.
Shopping i sydande Sauda sentrum

Sauda sentrum er kompakt og her finn du alt du treng på kort avstand. I sentrum er det sjarmerande nisjebutikkar, koselege kafear og det er gratis parkering. 

I sentrum ligg og Ryfylkebiblioteket Sauda, kulturhuset Folkets Hus og turistkontoret.  

Bilde av Andedammen Familiepark i Sauda ein solrik morgon.
Andedammen familiepark & minigolf

Kos deg i Andedammen – eit grøntområde like ved Sauda sentrum og Åbøbyen, der du kan hilsa på geiter, grisar, kaniner og mykje meir! Perfekt for familiar og dei aller minste. 

Ta deg eit slag minigolf eller spel boccia, alt utstyr kan leigas ved kiosken ved minigolfen. 

Four people in sea kayaks on the fjord in Sauda
Fjordkajakk og kanoar på Vetrhus

Utforsk Sauda frå fjorden denne hausten!

Mayuc Kayak tilbyr utleige av kayak og arrangerar kayakturar rundt om i Sauda. 

Turistkontoret tilbyr utleige av to kanoar. Kanoane ligg på Vetrhus i Sauda, her kan du nyta ein idyllisk kanotur på eit stille fjellvatn. 

Landscape image of Trollplassen in summer, Sauda.
Eventyrskogen og trollplassen

Bli kjent med skapningar frå norske folke-eventyr på vandring i Nordstøldalen! 

På desse to plassane står der treskulpturar av vesen frå norske eventyr, her er og gapahuk og grillplass. 

Det er kort veg frå parkeringsplassen i Nordstøldal til Trollplassen. 

Saudahallen innendørsbasseng med hinderløype og sklie.
Saudahallen - sentrumsbadet i Sauda

Sentrumsbadet i Sauda har eit innandørsbasseng og eit utandørsbasseng – utandørsbassenget held 32-33 grader heile året. 

Her er det og sklier, stupebrett og ei kjempekjekk hinderløypa!

Dronebilde av Sauda Golfbane mot Saudafjorden.
Golf med fjordutsikt i Saudasjøen

Sauda golfbane er ein ni hols skogsbane som ligg idyllisk til i Saudasjøen, rett ved Rødstjødna og Anna’s Kafé på historiske Tinghaug, ein 5 minutts køyretur frå Sauda sentrum. 

Golfbanen har også ein driving range ved Rødstjødna og nyttar spesielle flyteballar som slås ut i vattnet.

Turgåar nyt utstikten på toppen av Skorvenuten i Sauda
Vandringar i fjellheimen og sentrumsnære turar

Få inspirasjon til din neste tur  – sjekk ut turanbefalingar for dalane og nutane i Sauda på varden i sentrum eller gjer eit søk på UT.no.

Varden ligg mellom Folkets Hus og Saudahallen. 

Fossdalsfossen i Buer, Åbødalen på ein vekslande haustdag
Foss-safari

Fossane i Sauda er ynda reisemål no i haust! Ta dei 552 trappetrinna opp til majestetiske Svandalsfossen som ligg lett tilgjengeleg ved Nasjonal Turistveg Ryfylke eller ta turen til Buer i Åbødalen for å sjå den flotte Fossdalsfossen. Les meir om fossane i Sauda under. 

Kulturhaust

Festival og arrangement for heile familien i Sauda

Her er ein liten smakebit av kva som skjer i Sauda iløpet av hausten. Ta ein kikk på Kva Skjer kalenderen for Sauda for å få med deg informasjon om fleire aktivitetar og arrangement iløpet av hausten. Du kan og kikka på Sauda kultur si heimeside for oversikt over kulturarrangement. Programmet for haustferien i Sauda kjem snart. 

Kaffi & klima med byttemarknad og gratis sykkelverkstad laurdag 30. sep 🌏

Sauda Kommune inviterer til Kaffi & Klima laurdag 30. september kl. 11.00-14.00 på Rådhusplassen!
 
Kommunen ønsker innspel til ny Klima- og energiplan og inviterer til ein dag med fokus på klima. Det blir kjekke aktivitetar for heile familien som natursti, sykkelløype og mykje meir!
 
Lego Are

Haustferien: Legobygging med lego are 7. okt

Bli med på legobygging på Ringo/Presanghuset med Lego Are kl. 11.00.
 
Legobygging der alle kan delta! Slepp kreativiteten laus blant tusenvis av legoklossar.
 
Utstilling av byggjeverk i butikkvinduet og premiar til nokon heldige vinnare!

Haustferien: Kraft i hålå - høstmiddag 7. okt

Nyt 3 retter med vin og velkomst i skisenteret. Kraft Kafe og Sauda skisenter gjer om Hålå til restaurant og byr på 3 retter med lokale råvarer og vinpakke. 
Bestil bord på [email protected]
Barn leker tvekamp ute.

Haustferien: Barn er bra festivalen 12. okt - 13. okt

Torsdag 12. oktober og fredag 13. oktober i haustferieveka er det Barn er Bra festival i Sauda. Her blir det show og kjekke aktivitetar som tildømes klatring, minigolf. dans, og mykje meir! Festivalen er for barn 1-7 klasse.

Påmelding opnar måndag 25. september og påmeldingsfrist er torsdag 28. september.

Brosjyre med fullt program kan lastas ned her

Publikum på hyttefrukost i 2022 på Folkets Hus i Sauda.

hyttefrukost på Saudaklubb 14. okt

Sauda Vekst, i samarbeid med Sauda Ferie & Fritid, Sauda kommune og Sauda Handelsforening ønsker å invitera deg som eigar (bustadsadresse utanfor Sauda) av fritidsbustad i Sauda til samling i haustferien.

Påmelding innan fredag 6.oktober 2023 kl.12.00 til Sauda Ferie & Fritid AS: [email protected] tlf: 52 78 42 00

Hugs å skrive opp antall deltakarar, samt merk dei under 12 år. 

Kollage av bilder av ein okse, rådhusplassen i Sauda, gulrøtter og sauer.

Haustferien: Bønder i Byn - haustmarknaden i Sauda 14. okt

Ta turen til Sauda sentrum denne laurdagen – bli med på å feira mangfaldet me finn i jordbruket og hjå handelstanden inst i Ryfylke!
 
Me avsluttar haustmarknaden med kveldsdans. 
 
Band Podsoll speler konsert.

Haustferien: Kveldsdans med Silo & Saft og Podsoll

Me avslutter Bønder i Byn med kveldsdans i teltet på Rådhusplassen kl. 19.30.  

Silo & Saft og Podsoll speler opp til dans. 

Det blir kåring av den kulaste cowboyhatten. 

Aldersgrense 18 år.