Årets hyttefrokost går av stabelen på Sauda Klubb laurdag 14. oktober! NB! Påmelding!
Sauda Vekst, i samarbeid med Sauda Ferie & Fritid, Sauda kommune og Sauda Handelsforening ønsker å invitera deg som eigar (bustadsadresse utanfor Sauda) av fritidsbustad i Sauda til samling i haustferien.
Oppmøte kl. 09:30 i Sauda Klubb og me byr på frukost, informasjon og dialog med representantar frå den kommunale leiinga samt frå ulike deler av relevant næringsliv.
Som arrangør ønsker me gjerna å høyre korleis du og din familie oppfattar Sauda som samfunn, og det å vera hytteeigar i Sauda kommune.
Etter frukostsamling er du invitert til Sauda senturm og marknaden ‘Bønder i By’n‘. Her får du gode tilbod i dei ulike butikkane og underhaldningsinnslag.
Påmelding innan fredag 6.oktober 2023 kl.12.00 til Sauda Ferie & Fritid AS: [email protected] tlf: 52 78 42 00
Hugs å skrive opp antall deltakarar, samt merk dei under 12 år.
Velkommen til frukost og dialog.
Parke i eller nær sentrum eller ved Sauda Vidaregåande Skule.