Det skjer mykje kjekt i Sauda i haust for heile familien! Me har eit spennande kulturprogram, nye elektriske offroad syklar til utleige ved skisenteret, festival og haustmarknad.
Hausten er og ei perfekt tid for vandring i fjellheimen og for å utforske nye og gamle stiar. Om du har lyst til å oppleva Sauda frå fjorden så kan du prøve sjøkajakk.
På Folkets Hus blir det konsertar, show og teater for store og små. Siste laurdagen i haustferien feirar Sauda mangfaldet me ser i jordbruket her i Ryfylke med haustmarknaden Bønder i Byn.
Her på denne sida finn du ei oversikt over alt det fine Sauda har å tilby nå i haust. Program for kulturhaust i Sauda kan du sjå her.
Du kan leige elektriske syklar ved Sauda skisenter som du kan bruke til å utforske Svandal!
Ring eller send sms til Sauda Skisenter for å leige sykkel.
Om du tar turen til Sauda Skisenter sin ‘Åpen dag’ søndag 8. oktober kan du og leige syklane då.
Ring Sauda skisenter på 91 79 22 02 for å leige syklar.
Ta med deg familien og spel diskgolf med fantastiske utsikt i Svandal! Å bruke diskgolfbanen er heilt gratis men du må ha eigne diskar. Informasjon om spelet finn du på den gamle løa mellom Sauda Skisenter og Vetlebu.
Sauda sentrum er kompakt og her finn du alt du treng på kort avstand. I sentrum er det sjarmerande nisjebutikkar, koselege kafear og det er gratis parkering.
I sentrum ligg og Ryfylkebiblioteket Sauda, kulturhuset Folkets Hus og turistkontoret.
Kos deg i Andedammen – eit grøntområde like ved Sauda sentrum og Åbøbyen, der du kan hilsa på geiter, grisar, kaniner og mykje meir! Perfekt for familiar og dei aller minste.
Ta deg eit slag minigolf eller spel boccia, alt utstyr kan leigas ved kiosken ved minigolfen.
Utforsk Sauda frå fjorden denne hausten!
Mayuc Kayak tilbyr utleige av kayak og arrangerar kayakturar rundt om i Sauda.
Turistkontoret tilbyr utleige av to kanoar. Kanoane ligg på Vetrhus i Sauda, her kan du nyta ein idyllisk kanotur på eit stille fjellvatn.
Bli kjent med skapningar frå norske folke-eventyr på vandring i Nordstøldalen!
På desse to plassane står der treskulpturar av vesen frå norske eventyr, her er og gapahuk og grillplass.
Det er kort veg frå parkeringsplassen i Nordstøldal til Trollplassen.
Sentrumsbadet i Sauda har eit innandørsbasseng og eit utandørsbasseng – utandørsbassenget held 32-33 grader heile året.
Her er det og sklier, stupebrett og ei kjempekjekk hinderløypa!
Sauda golfbane er ein ni hols skogsbane som ligg idyllisk til i Saudasjøen, rett ved Rødstjødna og Anna’s Kafé på historiske Tinghaug, ein 5 minutts køyretur frå Sauda sentrum.
Golfbanen har også ein driving range ved Rødstjødna og nyttar spesielle flyteballar som slås ut i vattnet.
Få inspirasjon til din neste tur – sjekk ut turanbefalingar for dalane og nutane i Sauda på varden i sentrum eller gjer eit søk på UT.no.
Varden ligg mellom Folkets Hus og Saudahallen.
Fossane i Sauda er ynda reisemål no i haust! Ta dei 552 trappetrinna opp til majestetiske Svandalsfossen som ligg lett tilgjengeleg ved Nasjonal Turistveg Ryfylke eller ta turen til Buer i Åbødalen for å sjå den flotte Fossdalsfossen. Les meir om fossane i Sauda under.
Her er ein liten smakebit av kva som skjer i Sauda iløpet av hausten. Ta ein kikk på Kva Skjer kalenderen for Sauda for å få med deg informasjon om fleire aktivitetar og arrangement iløpet av hausten. Du kan og kikka på Sauda kultur si heimeside for oversikt over kulturarrangement. Programmet for haustferien i Sauda kjem snart.
Torsdag 12. oktober og fredag 13. oktober i haustferieveka er det Barn er Bra festival i Sauda. Her blir det show og kjekke aktivitetar som tildømes klatring, minigolf. dans, og mykje meir! Festivalen er for barn 1-7 klasse.
Påmelding opnar måndag 25. september og påmeldingsfrist er torsdag 28. september.
Brosjyre med fullt program kan lastas ned her.
Sauda Vekst, i samarbeid med Sauda Ferie & Fritid, Sauda kommune og Sauda Handelsforening ønsker å invitera deg som eigar (bustadsadresse utanfor Sauda) av fritidsbustad i Sauda til samling i haustferien.
Påmelding innan fredag 6.oktober 2023 kl.12.00 til Sauda Ferie & Fritid AS: [email protected] tlf: 52 78 42 00
Hugs å skrive opp antall deltakarar, samt merk dei under 12 år.
Me avslutter Bønder i Byn med kveldsdans i teltet på Rådhusplassen kl. 19.30.
Silo & Saft og Podsoll speler opp til dans.
Det blir kåring av den kulaste cowboyhatten.
Aldersgrense 18 år.