Nystekte horn og rundstykker.

🍔 Mat & drikke

Sauda har eit bredt kulinarisk tilbod

Utforsk Sauda sentrum og ta deg ein pause med noko godt å bita i. Frå kortreist og sesongbaserte menyar hos Kraftkafe,  norsk bakeri og konditor og deilege matretter ifrå Thailand hos Mews Thaimat. Hjå Alfred kan du kosa deg med ein temabasert kveld rundt mat eller drikke, og Felix er der folk samlar seg for ein prat og koseleg selskap om kvelden. På Kløver hotell får du god, tradisjonsrik norsk mat eller du kan nyta kaker når de har kakebord på sundagen. Helgefavorittane Pizzabakeren og La Casa Grill tilbyr herleg komfortmat for heile familien. 

For deg som likar kortreist lokalmat

Haustmarknaden Bønder i byn er ein unik moglegheit til å smake på lokale delikatesser og råvarer ifrå heile Ryfylke frå lokale matprodusentar og bønder.

Kraftkafe drar inspirasjon frå lokale produsentar og utviklar sesongbaserte menyar med fokus på kortreiste ingrediensar og smakfull mat. 

 

For deg som likar å laga mat sjølv

I Sauda er der tre daglegvarebutikkar; COOP Extra, Kiwi og Bunnpris. I tillegg er der ein matvarebutikk med asiatiske matvarer; Mews Thaimat. 

Om sommaren er det fleire piknikområder med grillmoglegheiter, tildømes i Andedammenområdet og på Tangen. Her er det benker og stolar, nydelig utsikt og kjekke grøntområder.