Kom i førjulsstemning i Sauda! Det skjer mye gøy i Sauda nå opp mot jul for hele familien. Spennende kulturprogram med julekonsertar, et koselig sentrum med julegater og julepynta butikker. I Sauda sentrum er det også oppvarma gater og gratis parkering.
På denne sida får du oversikt over alt det fine Sauda har å tilby i desember opp mot jul og litt etter.
I Sauda sentrum er det gratis parkering og gatene er oppvarma for ein nærmast snøfri handel.
Sauda sentrum er kompakt og her finn du alt du treng på kort avstand. I sentrum er det sjarmerande nisjebutikkar, daglegvarebutikkar og koselege kafear.
I sentrum ligg og Ryfylkebiblioteket Sauda, kulturhuset Folkets Hus og turistkontoret.
I Sauda finn du eit variert overnattingstilbud – hotell i sentrum, luksusleilegheiter i Svandal og campingplass ved vakre Saudafjorden.
Sauda skisenter ligg i snørike Svandalen, kun 8 km frå Sauda sentrum. Her er 5 skitrekk med ein kapasitet på 5200 personar i timen som kan dra snøentusiastar over 5 km til fjells, 2 skibånd og automatisert snøanlegg.
Ved skisenteret kan ein velja mellom traseer for alle nivå i alpinbakkane, eigen familieheis, park og oppkjøyrte turløyper til fjells for dei som vil lengre ut på tur.
Gå til Sauda skisenter si heimesida for å bestilla heiskort eller for å finna ut meir.
Nissens stolpejakt er ei fin førjulsgåve frå Ny Von IL og Sauda turlag. Det blir 12 stolpar og dei er tilgjengelege for alle. Fleire lokale butikkar bidrar med trekkepremiar.
Stolpejakta er heilt gratis. For å bli med må du laste ned appen ‘stolpejakta’.
Sauda har eit stabilt og kaldt vinterklima med lite vind i dalane, dette betyr rikeleg med natursnø gjennom vinter- og vårmånadene.
Her finn du turløyper, lysløyper og fleire områder som er fine for fjellski.
Løypene ligg i varierande landskap, ifrå skogkledde Nordstøldal til Slettedalen med relativt flate strekningar rundt eit fjellvatn omgitt av mektige fjell.
Hald deg oppdatert om skistader, skiløyper og når skiløypene har blitt vedlikehald på skisporet.no
Sentrumsbadet i Sauda ligg rett ved Folkets Hus i sentrum. Svømmehallen i Sauda har eit innandørsbasseng og eit utandørsbasseng – utandørsbassenget held 32-33 grader heile året.
Her er det stupebrett og ei kjempekjekk hinderløypa!
Bli kjent med skapningar frå norske folke-eventyr på vandring i Nordstøldalen!
I Eventyrskogen står det treskulpturar av vesen frå norske eventyr, her er og gapahuk og grillplass. No i desember er det ein koseleg julesti opp til Eventyrskogen.
Det blir servert graut og saft etter ein runde i Lysløypen og gode moglegheiter for å treffa på nissen.
Det blir medalje til alle barn som går og det kostar kr. 70 for barn og kr. 50 for vaksne å delta, inkludert graut og saft.
Ta gjerne på nisselua:)
Sauda Handelsforening inviterar til julegateåpning i Sauda sentrum.
Det blir liv og røre i sentrum frå kl. 10.00 – kl. 17.00 og masse julegåvetips i butikkane.
Julenisse på Rådhusplassen, fakkeltog, julegrantenning og mykje meir!
På julemarknaden kan du finne unike julegåver som tildømes strikkeprodukt, eplemost, honning, heimebakst og mykje meir.
Her finn du og ein kjekk kafe med loddsal.
Det blir fira gratis filmvisningar i Storesalen på Folkets Hus denne sundagen: «Første Jul i Skomakergata» (to visningar), «There’s something in the barn» og «Sulis 1907» .
Julekonsert med Hanne Sørvaag og Sauda Soul Teens/Children/Kids i Sauda kyrkje.
I år markeres 10 års jubileumet for Hanne Sørvaag sitt femte album «Christmas Lights» med fleire konsertar rundt i Noreg, og med seg på scenen har hun Sauda Soul Teens/Children/kids og to av Norges beste og triveligste musikere.
Kulturskulen sin tradisjonsrike juleforestilling har i år temaet -årstider.
Du vil få oppleve alle fire i form av vakker musikk, form og kunst. Plakaten er samansett av kunst som illustrerer vår, sommar, haust og vinter. Dei er alle laga av dei flinke kunstelevane, som har jobba i grupper med dette.
Elevane øver no på musikk og dans frå alle årstider, parallelt med at dei øver inn julemusikk. Gled deg til ei god førjulsstund i lag med oss i Storesalen på Folkets Hus 13. desember.
Klypa presenterar «20 år og like forbanna»
Mange av oss har fått meir enn ei latterkule på grunn av Klypa!
Mannen, som i 20 år har latt seg irritera og bli forbanna over små og større ting.
Nå har du sjansen til å møta han live.
Velkommen til Tunet i Vanvik!