Søk
Bilde av stjerneskudd holdt av to hender.

adventstid og jul i Sauda

Juleframsyningar, skitur, avkobling og aktivitetar for heile familien

Kom i førjulsstemning i Sauda! Det skjer mykje kjekt i Sauda nå opp mot jul for heile familien. Me har eit spennande kulturprogram med julekonsertar og framsyningar. Ta turen til sentrum for å oppleve julegatene og julemarknaden. Her er det oppvarma gater og gratis parkering. 

På Folkets Hus blir det konsertar, show og teater for store og små.  

På denne sida finn du ei oversikt over alt det fine Sauda har å tilby i desember opp mot jul. 

Program

Juleaktivitetar i Sauda

Foto: Aasta Eik-Nes

Julehandel i Sauda sentrum

I Sauda sentrum er det gratis parkering og gatene er oppvarma for ein nærmast snøfri handel.

Sauda sentrum er kompakt og her finn du alt du treng på kort avstand. I sentrum er det sjarmerande nisjebutikkar, daglegvarebutikkar og koselege kafear.

I sentrum ligg og Ryfylkebiblioteket Sauda, kulturhuset Folkets Hus og turistkontoret.  

Framsida av Kløver Hotel i Sauda med juledekorasjonar og snø på kveldstid.
Foto: Per Inge Fjellheim

Overnatting i Sauda

I Sauda finn du eit variert overnattingstilbud – hotell i sentrum, luksusleilegheiter i Svandal og campingplass ved vakre Saudafjorden.  

Aerial image of Svandal in the sonw.
Foto: Vetle Halsnes

Sauda skisenter - fjordutsikt frå skibakken

Sauda skisenter ligg i snørike Svandalen, kun 8 km frå Sauda sentrum. Her er 5 skitrekk med ein kapasitet på 5200 personar i timen som kan dra snøentusiastar over 5 km til fjells, 2 skibånd og automatisert snøanlegg.

Ved skisenteret kan ein velja mellom traseer for alle nivå i alpinbakkane, eigen familieheis, park og oppkjøyrte turløyper til fjells for dei som vil lengre ut på tur.

Gå til Sauda skisenter si heimesida for å bestilla heiskort eller for å finna ut meir.

Nissens stolpejakt

23. november - 23. desember

 

Nissens stolpejakt er ei fin førjulsgåve frå Ny Von IL og Sauda turlag. Det blir 12 stolpar og dei er tilgjengelege for alle. Fleire lokale butikkar bidrar med trekkepremiar. 

Stolpejakta er heilt gratis. For å bli med må du laste ned appen ‘stolpejakta’.

 

over 100 km merka skiløyper i åtta dalar

Sauda har eit stabilt og kaldt vinterklima med lite vind i dalane, dette betyr rikeleg med natursnø gjennom vinter- og vårmånadene.

Her finn du turløyper, lysløyper og fleire områder som er fine for fjellski.

Løypene ligg i varierande landskap, ifrå skogkledde Nordstøldal  til Slettedalen med relativt flate strekningar rundt eit fjellvatn omgitt av mektige fjell.

Hald deg oppdatert om skistader, skiløyper og når skiløypene har blitt vedlikehald på skisporet.no

Saudahallen innendørsbasseng med hinderløype og sklie.

Saudahallen - sentrumsbadet i Sauda

Sentrumsbadet i Sauda ligg rett ved Folkets Hus i sentrum. Svømmehallen i Sauda har eit innandørsbasseng og eit utandørsbasseng – utandørsbassenget held 32-33 grader heile året. 

Her er det stupebrett og ei kjempekjekk hinderløypa!

Bilde av Eventyrskogen på kvelden i snø med folk med hodelykter som går opp stien.
Foto: Aasta Eik-Nes

Eventyrskogen tursti

Bli kjent med skapningar frå norske folke-eventyr på vandring i Nordstøldalen! 

I Eventyrskogen står det treskulpturar av vesen frå norske eventyr, her er og gapahuk og grillplass. No i desember er det ein koseleg julesti opp til Eventyrskogen. 

juleprogram

Festival og arrangement for heile familien i Sauda

Her er ein liten smakebit av kva som skjer i Sauda i romjula. Ta ein kikk på Kva Skjer kalenderen for Sauda for å få med deg informasjon om fleire aktivitetar og arrangement. Du kan og kikka på Sauda kultur si heimeside for oversikt over kulturarrangement. 

Nissemarsj på Lyngmyr.
Foto: IL Ny Von

Nissemarsj på Lyngmyr

Torsdag 23. november
Torsdag 23. november er det klart for årets Nissemarsj på Lyngmyr.

Det blir servert graut og saft etter ein runde i Lysløypen og gode moglegheiter for å treffa på nissen.
Det blir medalje til alle barn som går og det kostar kr. 70 for barn og kr. 50 for vaksne å delta, inkludert graut og saft.

Ta gjerne på nisselua:)

Konsert i Sauda kyrkje: tre lys i november

Torsdag 23. november
Grethe Svensen, Vigdis Eidsvåg og Gunn Gravdal vokste alle opp i Sauda på 60-talet. Når de kommer til Sauda 23. november, opptrer de for aller første gong saman. Det blir ein konsert med lys, håp og varme i ein mørk novembermåned.
Barn og julenisser ved gapahuken i Eventyrskogen i Sauda. Bålpanne og hodelykter på kveldstid.
Foto: Hovlandsnuten 931 moh

Gratis julesti-arrangement opp til Eventyrskogen

Fredag 1. desember kl. 17.30
Feir første dag i desember og opplev julestien til Eventyrskogen!
Sauda soul children synger og gir god julestemning.
Lyssatt sti frå Fosstveit til gapahuken der det vert servert graut og saft så langt det rekk. Varm deg ved bålpanna og nyt ein kopp kaffi. 
Anbefalar å ta med hodelykt, sitteunderlag og varme klede.
Foto: Per Inge Fjellheim

Julegateåpning i sentrum

Laurdag 2. desember

Sauda Handelsforening inviterar til julegateåpning i Sauda sentrum.

Det blir liv og røre i sentrum frå kl. 10.00 – kl. 17.00 og masse julegåvetips i butikkane.

Julenisse på Rådhusplassen, fakkeltog, julegrantenning og mykje meir!

Julemarknad i Saudahallen

Laurdag 2. desember kl.10.00 - 15.00

På julemarknaden kan du finne unike julegåver som tildømes strikkeprodukt, eplemost, honning, heimebakst og mykje meir. 

Her finn du og ein kjekk kafe med loddsal.

Folkets Hus in Sauda, the cultural hub in town.

Gratis kino på Folkets Hus

Sundag 3. desember

Det blir fira gratis filmvisningar i Storesalen på Folkets Hus denne sundagen: “Første Jul i Skomakergata” (to visningar), “There’s something in the barn” og “Sulis 1907” . 

Bilde for julekonsert med Hanne Sørvaag og Sauda Soul Teens Children Kids

Julekonsert: Hanne Sørvaag og Sauda Soul Teens/Children/Kids

Torsdag 7. desember kl. 18.00

Julekonsert med Hanne Sørvaag og Sauda Soul Teens/Children/Kids i Sauda kyrkje. 

I år markeres 10 års jubileumet for Hanne Sørvaag sitt femte album “Christmas Lights” med fleire konsertar rundt i Noreg, og med seg på scenen har hun Sauda Soul Teens/Children/kids og to av Norges beste og triveligste musikere.

Plakalt for juleforestilling med kulturskulen kalla året rundt.

Juleforestilling - Året rundt med kulturskulen

Onsdag 13. desember kl. 18.00

Kulturskulen sin tradisjonsrike juleforestilling har i år temaet -årstider.

Du vil få oppleve alle fire i form av vakker musikk, form og kunst. Plakaten er samansett av kunst som illustrerer vår, sommar, haust og vinter. Dei er alle laga av dei flinke kunstelevane, som har jobba i grupper med dette.

Elevane øver no på musikk og dans frå alle årstider, parallelt med at dei øver inn julemusikk. Gled deg til ei god førjulsstund i lag med oss i Storesalen på Folkets Hus 13. desember.

Plakat for framsyninga 20 år og like forbanna av Klypa

Tidenes førjulsshow i Vanvik

Torsdag 14. desember kl. 19.00

Klypa presenterar “20 år og like forbanna”

Mange av oss har fått meir enn ei latterkule på grunn av Klypa!

Mannen, som i 20 år har latt seg irritera og bli forbanna over små og større ting.

Nå har du sjansen til å møta han live.

Velkommen til Tunet i Vanvik!

Nærbilde av en fotball og leggene til en fotballspiller.

Romjulsturnering fotball

Tirsdag 26. desember - onsdag 27. desember
Innendørs turnering i fotball finner sted 2. og 3. juledag.
Dei har plass til både profesjonelle og amatører, bedriftslag, venninnegjengen, kompiser heime på juleferie, junior og senior.
 
Kom og bli med!

Nyttårsbad på SI – Glass stranda

Tirsdag 31. desember kl. 14.30 - 15.00
Bli  med Sauda Seven Summits på nyttårsbad!
Det er lavvo/telt for klesskifte. Bålpanne fyres opp og det vil være mulighet til å kjøpe (vipps) seg en varm kopp med suppe, kaffe eller kakao. 
Husk badedrakt og håndkle og ta med varme klær. 
Gå til arrangementet og trykk på ‘delta’ så arrangøren vet sånn ca hvor mange som kommer.