Søk

Ting å gjera i Sauda

I Sauda sentrum er kulturhus (Folkets Hus), bibliotek, idrettshall og kino. Dei som vil ha ein aktiv kvardag kan gleda seg over ein stadion med heilårskunstgressbane og løpebane. For familiar er der ein kjekk lekepark bak rådhuset og friområdet ved Andedammen som huser både griser, høner og ender. Ved Andedammen finn du og ein skatepark og ein minigolfbane!

Våren 2016 opna Sauda sitt nye badeanlegg, som ligg i tilknyting til Saudahallen. Utandørs heilårsbasseng med stupebasseng, barnebasseng og sklie er kjekt for dei av oss som liker å bada året rundt. Vatnet held 32 grader heile året!

Vinter i Sauda

I vinterhalvåret, med forholda til rette, kan Sauda by på flotte vinteropplevingar for alle. Den korte avstanden frå sentrum til dei ulike dalførene gjer Sauda unik. Sauda skisenter ligg berre 8 km frå sentrum. Her er det 5,5 km nedfartar med ulik vanskelegheitsgrad.

I vintersesongen er der over 100 km oppkøyrde og/eller merka løyper i 7 dalføre, om forholda ligg til rette for det. Her er det turar for alle aldre og ferdigheiter. 

Når vinteren slep tak og skia blir pakka vekk, fortsett Sauda å by på opplevingar. Fram frå snøen kjem merka turløyper, graset på golfbanen og minigolfbanen blir grønt og benker i sentrum setjes ut.  

Fjella som omkransar Sauda har tallrike fiskevatn og fiskekort seljes på turistkontoret. 

Turistkontoret ligg i Brugata 4 i Sauda sentrum. 

Sauda sentrum - Nærleik til alt

Korte avstandar i sentrum betyr at ein finn alt ein treng i  gåavstand. Sauda sentrum har gratis parkering og eit bredt utval av butikkar med stort sortiment. Ta turen til Sauda sentrum for ein kjekk handel og sett av litt tid til kafebesøk eller vandring i Åbøbyen for å lere meir om historia til Sauda. 

I Sauda sentrum skjer det mykje, med innhaldsrike arrangement gjennom heile året med handelsdagar, kundekveld og gårdsdjur i gatene!

Ta ein kikk på Kva Skjer kalenderen for å finne ut meir. 

Oppvarma gater betyr at sentrum er snø og isfri i vinterhalvåret. Sentrum er og eit fint utgangspunkt for merka turar i nærleiken. 

 

Kjelde: hytterisauda.no