Søk
Folk står på ski og akar på Lyngmyr skiområde i Sauda på ein overskya vintersdag.
Foto: Aasta Eik-Nes

Lyngmyr skiområde

Barnevennleg område for ski og aking, lysløype og langrenn

Lyngmyr er eit flott turområde for heile familien. I nederste del av skianlegget rett ved parkeringsplassen er det eit barnevennleg område, her er det fint og flatt og ungane kan både ake og stå på ski. Det er toalett i bygningen.

På Lyngmyr er det skiløyper i kupert terreng, tilrettelagte lysløyper og område for skiskyting. Lysløypa er ein flott oppleving på ski etter at sola har gått ned.

Skiløypene hengjer saman med løypenettet i Nordstøldal. Ved gode forhold blir det køyrd løype til Storavatnet. På Skeivane er det og tilrettelagt med gapahuk.

Lyngmyr skianlegg har ulike traséar og kombinasjonsmoglegheiter med alt frå lettkupert terreng til trange motbakkar og tøffe utforkøyringer.

Skiløypene er preparerte med maskin. 

Vegen hit:

Lyngmyr finn du ved å køyre frå Sauda sentrum retning Saudasjøen, ca 4km, ta av til høgre i retning Svandal. Ta til høgre ved skilt til Lyngmyr stadion.

Skiturforslag

Lyngmyr - Nordstøldal

Gradering: Middels
Gradering: middels

Denne turen startar frå parkeringsplassen, hald deg til trase på høgre side. Skituren er merka frå første bakke mot Nordstøldalen. Følg traseen i lett motbakke, så komme du til eit kryss før Hovlandsstølen kor du kan gå ned til Skeivane eller følge løype vidare inn mot Nordstølen. Turen inn til Nordstølen er ei fin rundløype. Det er nokon middels krevande utforkøyringar undervegs, men ellers er heile turen i lett kupert terreng.