Søk
Utsikt over sauda golfbane p[ sommarstid.
Foto: Sauda Goflklubb

Golf i naturskjønne Sauda ⛳

Sauda golfklubb

Sauda golfbane er ein 9-hols golfbane som ligg 3 km frå Sauda sentrum i naturskjønne omgjevnader i Saudasjøen. 

Golfklubben har eigen driving range ved Rødstjødna, og driving rangen brukar flyteballar som ein slår ut i innsjøen. 

I golfklubben er alle velkomne som medlemmer, både hytteturistar og golfinteresserte utanifrå. 

For å spele på golfbanar må ein vere medlem av ein golfklubb, pluss betala green fee, men driving rangen kan alle som vil bruke. 

Følg med på Sauda golfklubb sine heimesider angåande kursinformasjon, turneringar og medlemsinformasjon. 

Rødstjødna og Tinghaug

I nærleiken av golfklubben ligg Annas kafé på Tinghaug, ein kjekk søndagskafe og Rødstjødna, ein fin badeplass på sommaren. 

Kjelde: Sauda golfklubb

#saudagolf #saudagolfklubb #saudagolfbane

følg Sauda golfklubb på @saudagolf