Utforsk Sauda sentrum og ta deg ein pause med noko godt å bita i. I Sauda sentrum er det eit bakeri, pizza og streetfood takeaway og thaimat takeaway frå Meaws Thaimat. Hjå Alfred kan du kosa deg med ein temabasert kveld rundt mat eller drikke, og Felix er der folk samlar seg for ein prat og koseleg selskap om kvelden. Ta turen til Capri for å nyte italiensk inspirert mat. På Kløver hotell får du god, tradisjonsrik norsk mat eller du kan nyta kaker når de har kakebord på laurdagen. Helgefavorittane Pizzabakeren og Pizzahouse tilbyr herleg komfortmat for heile familien.
For deg som likar kortreist lokalmat
Haustmarknaden Bønder i byn er ein unik moglegheit til å smake på lokale delikatesser og råvarer ifrå heile Ryfylke frå lokale matprodusentar og bønder.
For deg som likar å laga mat sjølv
I Sauda er der tre daglegvarebutikkar; COOP Extra, Kiwi og Bunnpris. I tillegg er der ein matvarebutikk med asiatiske matvarer; Mews Thaimat.
Om sommaren er det fleire piknikområder med grillmoglegheiter, tildømes i Andedammenområdet og på Tangen. Her er det benker og stolar, nydelig utsikt og kjekke grøntområder.