Søk
Firedeltbilde av artister for Saudadagane 2024

Saudadagane 2024

Gøy og moro for heile familien - bli med på folkefest i Sauda

Festivalen inst i Ryfylke er Saudas største årlege event! Saudadagane er alltid siste veka i mai og har eit breidt program av god musikk, underhaldning, sport, og ikkje minst gode tilbod hjå handelstanden.

I 2024 skjer Saudadagane frå onsdag 22. mai til sundag 26. mai. 

Saudadagane er eit tradisjonsrikt arrangement som passerte 50 år i 2015. Saudadagane drives med ein uvurderleg dugnadsinnsats frå alle i Saudasamfunnet.

Festivalen er ein feiring av alle lokale grupper gjennom ulike aktivitetar og hendingar. Saudadagane er eit godt samlingspunkt for lag, grupper, familiar og enkeltpersonar.

I 2024 speler Vassendgutane og Byting opp til dans på fredagskvelden, og Ingenting og Onsdagsbandet speler opp til dans på laurdagskvelden. 

Heile programmet for Saudadagane 2024 kjem iløpet av våren.