Søk

Turistinformasjon

Sauda er ein by mellom fjord og fjell, ein storby i miniatur med nærleik til alt og tilbod om det mesta.

Bilde av Saudafjorden på våren, tatt frå Rundehaugen i Sauda.
Foto: Aasta Eik-Nes

Sauda Turistinformasjon

Turistkontoret finn du i Rådhusgata 31, i Det Gule Hus Sauda. Her kan du få svar på kva du kan finna på her i Sauda. Dei fleste attraksjonane i Sauda er knyta til natur, kultur og historie.

På turistkontoret kan du få informasjon om fjellturar i Sauda og bestilla aktivitetar, tildømes guida gruve-ekspedisjon i Allmannajuvet.

Kontaktdetaljer - turistkontoret

Besøksadresse

Rådhusgata 31
4200 SAUDA

Kontakt oss

Telefon: +47 411 22 147

Opningstider

Vintersesong: 

Måndag – onsdag og fredag kl. 10:00 – kl. 17:00

Torsdag kl. 10:00 – kl. 18:00

Lørdag – søndag kl. 10.00 – kl. 15.00

Sommarsesong (20 juni – 20 august): 

Måndag – onsdag og fredag kl. 10:00 – kl. 17:00

Torsdag kl. 10:00 – kl. 18:00

Lørdag – søndag kl. 10.00 – kl. 16.00

Utleige av utstyr

Du kan leiga utstyr på Turistkontoret for aktivitetar og arrangement. Send oss ein epost eller stikk innom turistkontoret for å få fullstendig lista med prisar og detaljer. 

Fyr i bålpanne på ein sommarskveld.

PRAKTISK INFORMASJON

Vegen hit

Sauda ligg lengst nord i Rogaland, berre 2 timar ifrå Haugesund og Stavanger med bil på 2.5 timar, langs Nasjonal Turistveg Ryfylke. 

Du kan og ta hurtigbåten frå Stavanger som tek 2.5 timar gjennom flotte fjordlandskap, eller ta bussen ifrå Haugesund eller Ølen. Oversikt over båt- og busstider finn du på kolumbus.no eller du kan ta kontakt med turistkontoret vårt for råd om beste rute til Sauda. 

Saudavegen Røldal - Sauda

Saudavegen (Fv. 250) er ein spektakulær fjellovergang mellom Røldal og Sauda. Saudavegen mellom Hellandsbygd i Sauda kommune og Røldal er vinterstengt.

Verdt å veta at vegen opp til Breiborg er ope frå vinterferien. Hald deg oppdatert på veginformasjon på Statens Vegvesen. 

Tømmeplass for bubil og campingvogner

Sauda tømmestasjon, Kyrkjegata, heilt ved fjorden.

Ladestasjon for elbil

Eviny ladestasjon, Kyrkjegata 10, 4200 SAUDA
Mer ladestasjon, Brugata 2, 4200 SAUDA

Bensintasjon

ESSO bensinstasjon, Kyrkjegata 6, 4200 SAUDA

Mekanisk verkstad

B&B bilverkstad, Birkelandsvegen 102, 4200 SAUDA
Sauda Bilverksted, Birkelandsvegen 122, 4200 SAUDA
ESSO bensinstasjon, Kyrkjegata 6, 4200 SAUDA

miljøstasjonar & renovasjon

Sorteringsanlegget Birkelandsvegen 152, 4200 SAUDA
Miljøstasjon EXTRA Sauda, Brugata 2, 4200 SAUDA

Apotek

Apotek 1 Sauda, Skulegata 10, 4200 SAUDA

Legekontor

Sauda legesenter, Åbødalsvegen 79, 4200 SAUDA
Tel: 52 78 60 00

Sauda lensmannskontor

Kyrkjegata 2, 4200 SAUDA Tel: 52 78 55 77

Postkontor

EXTRA Sauda, Brugata 2, 4200 Sauda
Kan også hente pakker på Bunnpris, Saudavegen 9, 4200 SAUDA

Dagligvarebutikkar

Bunnpris, Saudavegen 9, 4200 Sauda
KIWI Torggata 3, 4200 SAUDA
EXTRA, Brugata 2, 4200

Veterinær

Sauda Veterinærkontor Austarheimsvegen 116, 4200 SAUDA Tel: 52 79 71 55

Nyttige lenkar

Sauda har over 100km merka skiløyper i snøsesongen. Hald deg oppdatert på når skiløypene blir tråkka opp på skisporet.no

Hald deg oppdatert på jord- og snøskredfare på varsom.no

Sauda er ein fantastisk plass for eventyrlege ski- og fotturar. Fjellvettreglene hjelper deg å planleggje og gjennomføre tryggje og flotte turar. 

Det er mykje fjell og hei i Sauda og Naturvettreglene hjelper deg å forstå korleis du kan ferdas skånsomt i takt med den levande naturen vår. 

Allemannsretten

Ein viktig forutsetning for friluftslivet i Noreg er retten til fri ferdsel i natur; allemannsretten. Les meir om korleis allemannsretten er relevant for deg og korleis allemannsretten sikrar rammevilkåra for eit berekraftig friluftsliv her. 

Vegen vidare – VisitRyfylke

Sauda ligg i Ryfylke regionen og det er mykje eventyr og flotte opplevelingar som ventar deg utafor Sauda. VisitRyfylke er ei fantastisk side og kjempefint verktøy for å planleggje Ryfylke-ferien din! 

Telt på ei eng i fjelllandskap.
Photo by Clay Banks on Unsplash

NAUDNUMMER

112

POLITI

113

AMBULANSE

110

BRANN