Søk

industriarbeidarmuseet 👷🏽

Kjelder: Sauda Sogelag, Ryfylkemuseet

Om museet og guida tur

Sesong for industriarbeidarmuseet er no over. 

Guida turar skjer kvar dag, måndag til fredag, kl 12.00. For å bli med på guida tur må ein melde seg på innan kl 11.00 same dag. 

Ta kontakt med turistkontoret for priser og for å melde deg på; enten på tlf: 52 78 42 00 eller send oss ein epost til [email protected]

Du kan og ta turen innom turistkontoret i Brugata 4 og bestille der. 

Detaljer om sesong 2023 kjem iløpet av våren

Museet ligg  i Haakongsgate 51-53 i Åbøbyen. Historisk var dette byggje ein fire-familiebustad. Haakonsgate 51-53 blei bygd i 1917 og var eit av dei første husa som blei bygd her i Åbøbyen. Bustadar som denne låg nærast smelteverket og her kunne opptil 15 born med foreldre bu på to rom og kjøkken. 

Idag er to av leilegheitene i byggjet innreidde slik det var arbeidarane budde på 1920-talet og på 1960-talet. 

Under Røyken - om livet i Åbøbyen

Denne utstillinga fortel om korleis livet var for industriarbeiderar som jobba på smelteverket, korleis det var å ver husmor og kordan det var å veksa opp her i Åbøbyen. I utstillinga kan du og lera meir om smelteverket og Åbøbyen. 

Les meir om museet og historia til Åbøbyen hjå Ryfylkemuseet.