Fisking er ein flott måte å kombinera ei fin naturoppleving med hausting av naturen. For å fiske i vatten og vassdrag med ferskvatten må ein ha eit fiskekort.
Fiskekort kan kjøpast på elveguiden.no på nett. Lokalt kan ein kjøpa fiskekort på Nuten Sport eller Intersport i Sauda (NB! på desse to plassane selges kun fiskekort for fisking i vatten, ikkje i elver).
Nokon retningslinjer for fisketur:
Ha tillatelse til å fiske eller ha legitimasjon som viser at du er under 16 år når du fiskar i ferskvatten.
Ikkje bruk levande fisk som agn.
Ikkje flytt fisk til andre vatten eller vassdrag.
Sløy og vask fisken i det vattnet du fangar fisken i.
Tørk fiskeredskapar, støvlar og vadarar før du flytter deg til eit anna vatten. Dette er for å unngå spredning av levande organismar og sjukdom.
Ikkje forstyr dyre- og fuglelivet, særleg i yngle- og hekketida. Respekter ferdselsforbud.
Sporlaus ferdsel – alltid. Ta alltid med deg søppelet ditt heim.