Søk
Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Saudadagane 2024 – Ingenting og Onsdagsbandet

mai 25 @ 19:30 - mai 26 @ 01:00

Rockebandet, Ingenting og coverbandet, Onsdagsbandet står klare på scena laurdagskvelden.

Det legendariske rockebandet Ingenting vart starta på Austrått i Sandnes allereie i 1989. Bandet held stadig koken, og det skjer svært mykje spennande rundt dei. Det er tydelege teikn på at ei ny «Ingenting-bølgje» er i ferd med å byggja seg opp blant yngre generasjonar, i tillegg til den allereie trufaste fanskaren gjennom snart 35 år.
Publikum elskar dei! Mykje takka vera at dei er eit særs velspelande liveband som berre aldri gir seg.
Ingenting speler for fulle hus gong på gong, og allsongen og festhumøret er 100% garanterte.

Onsdagsbandet gir deg coverversjonar av hittar, plukka frå øvste hylle blant tidenes mest populære artistar og er kjende som eitt av dei beste livebanda innan sjangeren sin.Onsdagsbandet har dei siste 15 åra spelte på onsdagskonsertane i sommar i Mandal som har utvikla seg til å bli eit fenomen, og konsertane trekkjer folk frå fleire stader i landet.Bandet har eit omfattande repertoar som lèt deg reisa gjennom 70, 80 og 90 talet fram til dagens listepop. Med eminente vokalistar i front lagar Onsdagsbandet alltid topp stemning! Dei seinare åra har banda også gjort «onsdagskonsertar» fleire dagar i veka i fleire byar bl. a Fjåge i Vågen i Stavanger, Sommer på Torvet i Kristiansand, Sommer i sentrum i Lyngdal, Sommerfest i Sandnes, Søgne Beachparty, Rosfjord Beachparty, Tal Ships Races, Bryggefest i Flekkefjord, Bakgårdsfest i Vennesla. I vinterhalvåret gjer bandet eventjobbar mellom Oslo og Haugesund kvar einaste helg.

Aldersgrense 18 år. Dørene opnar kl.19.30

NYHEIT!
Kjøpar du billett til ComfortZone får du garantert sitjeplass i eige telt, der det er tilgang på utvida mat- og drikkemeny.
Avgrensa antal

Billett: Saudadagane 2024: Ingenting og Onsdagsbandet – Sauda Kultur

Detaljer

Start:
mai 25 @ 19:30
Slutt:
mai 26 @ 01:00
Kategori for Arrangement:
Arrangement Tags:
, , ,

Sted

Musikkpaviljongen
Kyrkjegata
Sauda, Sauda 4200 Norway
+ Google-kart

Arrangør

Saudadagane
Epost
post@saudaferie.no