Diskgolbanen ligg høgt i Svandalen ved Sauda skisenter med fantastiske utsikter utover Saudafjorden.
Banen i Svandal har 9 hol eller korger, med utkastmatter og korger plassert i terrenget. Frisbeegolf har same prinsippet som golf, bare at ein kastar ein frisbee istaden for å slå ein golfball. I staden for å skulle treffe eit hol, er det sett opp korger som du skal treffe. Den som klarer å fullføre med færrast kast er kåra vinnar!
Diskgolf er ein kjekk familieaktivitet, det passar for folk i alle aldrar.
Det er gratis å bruke diskgolfbanen, men hugs å ta med eigne frisbee-plater.
Starten på løypa finn du ved barneskitrekket. Her er og eit kart som viser deg kor løypa er.
Frisbeegolf-banen har ulik lengde på dei ni hola, alt ifrå 55 til 143 meter.
Korgene til frisbee-banen er tilgjengelige heilt til snøen kjem og skisesongen startar.
Følg Sauda diskgolf på Facebook for å gjøre deg kjend med reglane for aktiviteten og når diskgolfbanen er ope.