Søk
Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Gabriel Fliflet: I LYS LOGE🔥

oktober 5 @ 19:00

Artistbilde for Lys Loge

Du kan kjøpe billett her.

Songar rundt bålet. Av Kjartan Fløgstad og Gabriel Fliflet

Til alle tider, i alle kulturar, har folk samla seg rundt bålet. Der har dei fortalt soger, laga mat, sunge songar, kviskra løyndomar og varma kroppane sine. Fortsatt lokkar bålet oss!

I songsyklusen I lys loge vil eld og flamme, gneist og lys, vera den glødande ledetråden for dei fem, syngande musikarane. Tekstane er både leikne og lyttande, og er nyskrivne av Kjartan Fløgstad, ein nestor blant norske forfattarar. Musikken, som er laga av Gabriel Fliflet, er melodisk og vandrar i landskapet mellom jazz, folkemusikk og viser.

Gabriel Fliflet spelar trekkspel, piano og syng. Han er ein fargerik musikar, med eit varmt hjarte for ulike former for folkemusikk. Gabriel har laga ei rekke kritikarroste tingingsverk, med tekstar av m. a. Jon Fosse og Robert Burns.

Susanne Lundeng er ein av dei beste felespelarane i Norden. Ho spelar og syng med ein gripande tone og stor kraft.

Jørgen Sandvik kjenner mange frå bandet The Real Ones. Han er ein stor gitarist og vokalist, som har vunne fire spelemannsprisar.

Per Jørgensen er ein av våre største jazz- og improvisasjonsmusikarar. Han lever seg alltid djupt inn i musikken, antan han spelar trompet, perkusjon eller syng.

Anders Bitustøyl er ein svært allsidig og kreativ bassist, og er fundamentet i bandet.

Kjartan Fløgstad er ein av dei største romanforfattarane i Noreg, og har også skrive mange sangtekstar. Gabriel Fliflet har tidlegare tonesett 15 av Fløgstads songtekstar. Samarbeidet har m. a. ført til ­CDen Himlaleite – songar av Fløgstad og Fliflet med Trio Alde (2021), som fekk svært god kritikk.

I lys loge var tinga av Vossa Jazz og fikk ei overveldande mottaking på urframføringa på festivalen i mars 2024.

Følgjande utdrag stod i avisa Hordaland, ved Bjørn Sandnes, etter konserten på Voss:

«Det er ikkje alle artistar forunnt å få heile sitt publikum til å gløyma både tid og stad. (…) Frå start til slutt heldt Gabriel Fliflet publikum i si hole hand

(… ) ein kjenslesterk konsert som publikum løna med dundrande applaus då siste songen tona ut.»

Detaljer

Dato:
oktober 5
Tid
19:00
Kategorier for Arrangement:
,
Arrangement Tags:
, , ,
Hjemmeside:
https://www.saudakultur.no/kulturprogram/KUL20231357

Sted

Folkets Hus
Skulegata 20
Sauda, Rogaland 4200 Norway
+ Google-kart
Telefon
46825440
Vis Sted nettside