Hovlandsnuten er ein av dei mest særpregne fjelltoppane i Sauda.
Hovlandsnuten Opp - motbakkeløp går av stabelen 26. august 2023
Hovlandsnuten Opp er eit motbakkeløp der alle kan delta og nå fjelltoppen. Her kan du nyta den vide fjordutsikta 931 meter over havet. Alt du treng er ein liten porsjon staheit!
Løypa er ca. 6,7 km lang og følgjer Sagastien. Løpet startar på Risvoll skule i Saudasjøen, går forbi den idylliske Fosstveitdammen og opp dei utfordrande bakkane mot Nordstøldalen til fjells.
På Brekkestølsbråtet (300 moh) blir det flatare innover før stigninga tek over på alvor etterkvart som ein nærmar seg sjølve Hovlandsnuten.
Finn ut meir om dette spennande løpet på heimesida deira.