Søk
Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Besto syng – Songar og historier etter Solveig Traa 🎵

februar 28, 2025 @ 18:00

Formidla av: Solveig Sørheim Eikanes, Ingemund Torsheim Eikanes og Steinar Halvik.

Solveig Traa vart fødd i 1930. Ho vaks opp i Haokogarden på Neteland. Ho gifta seg med Nils Traa frå Herand. Dei flytta til Etne og levde som gardfolk der. Dei
fekk tre døtrer, og etter kvart seks barneborn. Eit av desse er Solveig Sørheim.

Denne konserten er i hovudsak bygd på songar som Solveig lærte av besto si. Solveig og Besto hadde for nokre år sidan ein tur til Steinsdalen. Dei vitja då Besto si oppvekstvenninne, Ragna Byrkjeland, og fekk friska oppatt nokre songar der. Noko er og frå lydbandopptak etter Brita Mo Byrkjeland, gift Lid, som levde vaksenlivet sitt i Ølensvåg.

Forutan trøorgelet har Solveig med seg Ingemund Thorsheim Askeland. Han er økofilosofisk jorddyrkar og god på norskopplæring av framandspråklege. Han
spelar banjo i Bergen Mandolinband, og i Lady Hardanger. I denne konserten trakterar han i tillegg til banjo, klarinett, munnspel, gitar og fiolin. Han kan og til
tider bryta ut i song.

Elles medverkar Steinar Aalvik som er småskala mjølkeprodusent frå Etne, men har morsfolket sitt frå Haokogarden. Han er skribent og forteljar på hobbybasis.
Han vil for høvet vera bunadskledd, og kjem med ujamne mellomrom til å reisa seg opp og seia slikt som gjer at folk lite vil vita kva dei skal tru.

Det blir òg eit par lokale innslag med Saudasjøen spelemannslag, der Nils Hoftun trakterer hardingfele og flatfele, og Eirik Fosstveit ymse andre instrument.

Detaljer

Dato:
februar 28, 2025
Tid
18:00
Hjemmeside:
https://www.saudakultur.no/kulturprogram/KUL20232140

Sted

Saudasjøen kapell
Sjøen 200
Saudasjøen, 4208 Norway